19P/Borrelly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
19P/Borrelly
Comet Borrelly Nucleus.jpg
Deep Space 1-fotografi av 19P/Borrelly
Oppdaging
Oppdaga av: Alphonse Louis Nicolas Borrelly
Oppdaga dato 28. desember 1904
Alternative namn: 1905 II; 1911 VIII; 1918 IV;
1925 VIII; 1932 IV; 1953 IV;
1960 V; 1967 VIII; 1974 VII;
1981 IV; 1987 XXXIII; 1994 XXX
BaneelementA
Epoch 8. september 2001 (JD 2452160,5)
Aphel (Q) 5,83 AE
Perihel (q) 1,35 AE
Store halvakse (a) 3,59 AE
Eksentrisitet (e) 0,624
Omløpsperiode (P) 6,8 år
Banehelling (i) 30,3°
Førre perihel 14. september 2001
Neste perihel (anteke) 26. juli 2008

Kometen Borrelly (alternativt 19P/Borrelly) er ein periodisk komet, som har blitt vitja av romsonden Deep Space 1. Kometen er 8 x 4 km i diameter.

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

Kometen vart oppdaga av Alphonse Louis Nicolas Borrelly under eit rutinesøk for kometar ved Marseilles Frankrike den 28. desember 1904.

Deep Space 1-passeringa[endre | endre wikiteksten]

Den 21. september 2001 flaug romsonden Deep Space 1 forbi Borrelly mens den testa ut ny teknologi i rommet. Sonden vart styrd mot kometen under den utvida delen av ferda og var ein uforventa bonus for forskarane i prosjektet. Til tross for at systemet som hjelpte til med å halda kontroll over fartøyets orientering svikta, klarte Deep Space 1 å senda data tilbake til Jorda som på sendetidspunktet var dei beste bileta og andre vitskapelege data frå ein komet.