1G

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

1G syner til 1. generasjon mobiltelefon, som var eit analogt system. I Norden vart dette NMT.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første kommersielle automatiserte mobiltelefonnettverket blei opna i Tokyo i Japan i 1979 av Nippon Telegraph and Telephone (NTT). I løpet av fem år hadde nettverket blitt utvida til å dekkja heile Japan. Det blei dermed det første nasjonale nettverket for mobil.

I 1981 blei nordisk mobiltelefonsystem (NMT) opna i heile Norden samtidig. Dette blei dermed det første internasjonale nettverket for mobil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.