20000 Varuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
20000 Varuna
Oppdaging A
Oppdaga av R. McMillan (Spacewatch)
Oppdaga dato 28. november 2000
Alternative namn B 2000 WR106
Kategori TNO (cubewano)
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Aphel (Q) 6781,985 mill. km (45,335 AE)
Perihel (q) 6120,810 mill. km (40,915 AE)
Stor halvakse (a) 6451,398 mill. km (43,129 AE)
Eksentrisitet (e) 0,051
Omløpsperiode (P) 103440,6 d (283,20 år)
Gjennomsnittleg banefart 4,53 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 89,673°
Banehelling (i) 17,2°
Lengda til oppstigande knute ) 97,296°
Perihelargument (ω) 271,631°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 874 km (gjennomsnitt ifrå infraraudmålingar)[1]
Masse ~5,9×1020 kg
Tettleik 0,992 g/cm³[2]
Overflategravitasjon 0,15 m/s²
Unnsleppingsfart 0,39 km/s
Rotasjonsperiode 0,13216 d (3,17 t)
Albedo 0,037-0,21
Spektralklasse (moderat raudleg) B-V=0,93 V-R=0,64[3]
Absolutt storleiksklasse: 3,7
Overflatetemperatur: ~43-41 K

20000 Varuna (overgangsnamn 2000 WR106) er eit stort klassisk kuiperbelte-objekt. Objektet har ein estimert diameter på 800-1000 km og blei oppdaga 28. november 2000 av Spacewatch-prosjektet. Dersom det viser seg at Varuna er sfærisk forma vil objektet få dvergplanetstatus.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Varuna er kalla opp etter den vediske guden Varuna. Han herska over havet og vatna i himmelen, og er blitt likna med Poseidon og Neptun.

Fysiske karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Jorda Dysnomia (136199) Eris Charon (134340) Pluto (136472) 2005 FY9 (136108) 2003 EL61 (90377) Sedna (90482) Orcus (50000) Quaoar (20000) Varuna
Varuna samanlikna med Eris, Pluto, (136472) 2005 FY9, (136108) 2003 EL61, Sedna, Orcus, Quaoar, og jorda.

Varuna har ein rotasjonsperiod på omtrent 3,17 timar (6,34 timar dersom lyskurva har dobbelt maksimum). Gitt den hurtige rotasjonen, som er sjeldsynt for så store objekt, er Varuna kanskje noko avlang i forma. Seinare har eit endå større og avlangt objekt, (136108) 2003 EL61, blitt funne; dette òg i kuiperbeltet. [4]

Overflata til Varuna er moderat raudleg (lik 50000 Quaoar si), men er uvanleg mørk samanlikna med andre klassiske kuiperbelte-objekt (albedoen er mindre enn 0,04). Dette tyder på at det finst lite is på overflata. Likevel har ein identifisert små mengder vassis der.[5].

Bane[endre | endre wikiteksten]

Banane til Varuna (blå), Pluto (raud) og Neptun (grå)

Varuna er klassifisert som eit klassisk kuiperbelte-objekt og følgjer ein nestensirkulær bane med ein store halvakse på omtrent 43 AE; lik Quaoar, men med ei større banehelling. Omløpstida er òg lik Quaoar si og er på 283 jordår.

Ved 43 AE og med ein nær sirkulær bane blir ikkje Varuna påverka i noko særleg grad av Neptun; i motsetnad til Pluto som har ein 2:3 baneresonans med planeten.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stansberry (2005). TNO/Centaur diameters and albedos.
  2. Lightcurves Lacerda P, Jewitt D, Dentisities Of Solar System Objects From Their Rotational Lightcurves", akseptert hos Astrophysical Journal 2006 Preprint
  3. TNO and Centaur Colors.
  4. D. L. Rabinowitz, K. M. Barkume, M. E. Brown, H. G. Roe, M. Schwartz, S. W. Tourtellotte, C. A. Trujillo (2005), Photometric Observations Constraining the Size, Shape, and Albedo of 2003 EL61, a Rapidly Rotating, Pluto-Sized Object in the Kuiper Belt, The Astrophysical Journal (2006), 639, Utgåve 2, pp. 1238-1251 Preprint (pdf)
  5. Licandro J, Oliva E, Di Martino M (2001) «NICS-TNG infrared spectroscopy of trans-neptunian objects 2000 EB173 and 2000 WR106» – Astronomy & Astrophysics, s. 29-32L.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]