2002 AA29

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2002 AA29
Oppdaging A
Oppdaga av LINEAR
Oppdaga dato 9. januar 2002
Alternative namn B
Kategori Atenasteroide
BaneelementC JPL
Epoke 22. november 2002 (JD 2452600,5)
Aphel (Q) 151,442 mill. km (1,012 AE)
Perihel (q) 147,735 mill. km (0,988 AE)
Stor halvakse (a) 149,588 mill. km (1,000 AE)
Eksentrisitet (e) 0,012
Omløpsperiode (P) 365.222 d (1,00 år)
Gjennomsnittleg banefart 29,784 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 225.947°
Banehelling (i) 10,739°
Lengda til oppstigande knute ) 106,849°
Perihelargument (ω) 91,594°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar ~0,06 km
Masse ~2,3·108 kg
Tettleik 2 ? g/cm³
Overflategravitasjon ~0,000 017 m/s²
Unnsleppingsfart ~0,000 032 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo 0,1 ?
Spektralklasse ?
Absolutt storleiksklasse: 24,08
Overflatetemperatur: ~279 K

Asteroide 2002 AA29 (au skrive 2002 AA29) er ein nærjordsasteroide oppdaga i januar 2002 av LINEAR. Asteroiden fylgjer ein «hesteskoforma» bane som gjer at han kjem nær jorda kvart 95. år som han fylgjer jordbanen rundt sola og vil, i nesten 600 år, sjå ut til å gå i bane rundt planeten. Han måler 60 meter på tvers.

Kvasisatellittbanen til 2002 AA29 i høve til sola og jorda.

8. januar 2003 var asteroiden omtrent 5,9 mill. km unna jorda, det næraste på dei neste hundre åra.

Richard Gott og Edward Belbruno frå Princetonuniversitet har spekulert på om 2002 AA29 kan ha blitt danna saman med jorda og Theia. Dette er den teoretiske planeten som i fylgje den foreslåtte kjempenedslagsteorien kolliderte med jorda tidleg i historia til solsystemet.

Banen til asteroiden gjer det relativt lett å bringe tilbake steinprøver til jorda for analyse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]