2004 FH

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2004 FH
Oppdaging A
Oppdaga av LINEAR
Oppdaga dato 15. mars 2004
Alternative namn B
Kategori Aten-asteroide,
jordkryssande asteroide,
venuskryssande asteroide
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Aphel (Q) 157,651 mill. km (1,054 AE)
Perihel (q) 87,070 mill. km (0,582 AE)
Stor halvakse (a) 122,360 mill. km (0,818 AE)
Eksentrisitet (e) 0,288
Omløpsperiode (P) 270,192 d (0,740 år)
Gjennomsnittleg banefart 32,237 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 28,042°
Banehelling (i) 0,016 62°
Lengda til oppstigande knute ) 264,432°
Perihelargument (ω) 62,952°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 0,030 km
Masse 2,8·107 kg
Tettleik 2 ? g/cm³
Overflategravitasjon 8,4·10-6 m/s²
Unnsleppingsfart 16·10-6 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo 0,1 ?
Spektralklasse ?
Absolutt storleiksklasse: 26,42
Overflatetemperatur: ~308 K

2004 FH er ein nærjordsasteroide som blei oppdaga 15. mars 2004 av det NASA-finansierte prosjektet LINEAR. Objektet er omtrent 30 meter i diameter og passerte berre 43 000 km frå overflata til jorda 18. mars 2004 22.08 UTC; den næraste passeringa av jorda kjend på det tidspunktet (sjå diagrammet lenger ned). Til samanlikning går geostasjonære satellittar i bane rundt jorda på 35 790 km.

2004 FH er ein Aten-asteroide, men somme meiner at han bør kallast ein meteoroide, sidan han er mindre enn 50 meter i diameter. Hadde objektet treffi jorda ville det sannsynlegvis ha detonert høgt opp i atmosfæren til jorda. Det kunne ha laga eit smell på hundrevis av kilotonn av TNT men ikkje hatt noko effekt på bakken. Sjølv om han er ein liten asteroide (omtrent 30 m) er han stadig den tredje største asteroiden ein veit om som har passert jorda nærare enn månen.

Asteroiden vil ikkje passere nære igjen før i 2044 da han vil vera 1,4 mill. km unna. 2004 FH er au spesiell ved at han har den lågaste banehellinga av alle dei kjende nærjordsasteroidane.

Passeringa 2004 FH gjorde forbi jorda

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chesley, Steven R; Chodas, Paul W. Recently discovered near-earth asteroid makes record-breaking approach to earth. Pasadena, California (USA): NASA Near jorda Object Program Office. 17. mars 2004,

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Smålekamar i solsystemet