2007 WD5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2007 WD5
Oppdaging A
Oppdaga av Andrea Boattini
Oppdaga dato 20. november 2007
Alternative namn B ingen
Kategori Apollo-asteroide
marskryssar
BaneelementC JPL
Epoke 10. april 2007
Aphel (Q) 4,072 AE
Perihel (q) 1,01016 AE
Stor halvakse (a) 2,541 AE
Eksentrisitet (e) 0,60245
Omløpsperiode (P) 1479 dagar
Gjennomsnittleg banefart 13 km/t
Gjennomsnittleg anomali (M) 313,4°
Banehelling (i) 2,371°
Lengda til oppstigande knute ) 67,54°
Perihelargument (ω) 312,647°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 50 m
Masse ?×109 kg
Tettleik ? g/cm³
Overflategravitasjon ? m/s²
Unnsleppingsfart ? km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo ?
Spektralklasse ?
Absolutt storleiksklasse: 24,308
Overflatetemperatur: ? K

2007 WD5 er ein 50 meter stor apollo-asteroide, nærjordsobjekt og marskryssar. Han blei oppdaga den 20. november 2007 av Andrea Boattini ved Catalaina Sky Survey. Tidlege observasjonar av 2007 WD5 førte til stor merksemd innanfor vitskaplege miljø då asteroiden på dåverande tidspunkt hadde ein sjanse på 1/25 for å kollidera med Mars den 30. januar 2008. Den 9. januar 2008 hadde nye observasjonar redusert sannsynet for kollisjon til 1/10 000. Mest sannsynleg passerte 2007 WD5 Mars med ein avstand på 6,5 marsradiusar. På denne avstanden og med dei store unøyaktigheitane for observasjonane på førehand er påverknadane Mars hadde på asteroiden ukjent, og i følgje Steven Chesley hos NASAs Jet Propulsion Laboratory Near Earth Object-program reknar ein for tida 2007 WD5 som tapt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]