216 Kleopatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
216 Kleopatra
Asteroid-Kleopatra-radar.png
Datamodell basert på radarastronomi
Oppdaging A
Oppdaga av Johann Palisa
Oppdaga dato 10. april 1880
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 30. januar 2005 (JD 2453400,5)
Aphel (Q) 523,049 mill. km (3,496 AE)
Perihel (q) 312,544 mill. km (2,089 AE)
Stor halvakse (a) 417,796 mill. km (2,793 AE)
Eksentrisitet (e) 0,252
Omløpsperiode (P) 1704,704 d (4,67 år)
Gjennomsnittleg banefart 17,82 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 55,259°
Banehelling (i) 13,136°
Lengda til oppstigande knute ) 215,672°
Perihelargument (ω) 179,099°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 217 · 94 · 81 km
Masse ukjend
Tettleik ukjend
Overflategravitasjon ukjend
Unnsleppingsfart ukjend
Rotasjonsperiode 5,385 t
Albedo 0,116
Spektralklasse M
Absolutt storleiksklasse: 7,3
Overflatetemperatur: ukjend

216 Kleopatra er ein hovudbelteasteroide som blei oppdaga av Johann Palisa 10. april 1880 i Pola, Italia. Han er namnsett etter Kleopatra, dronning av Egypt.

Kleopatra har ein av dei mest bisarre utsjånadane i solsystemet. Ved å sende radarsingal som blir reflektert ac asteroiden har ei gruppe forskarar ved radioteleskopet i Arecibo i Puerto Rico greidd å lage ein datamodell av fasongen hans. Da oppdaga dei at han såg ut som bein ein vanlegvis gir til bikkjer. Den beste forklaringa på dette er at det er to omtrent like store asteroidar som har kollidert og «lima» seg saman i staden for å bryte frå kvarandre. Ein tilsvarande asteroide er kanskje 624 Hektor.

Kleopatra er ein relativt stor asteroide, måla er 217 · 94 · 81 km. Samansettinga er typisk M-typeasteroidar, med andre ord så er han metallisk, samansett av nikkel-jern. Han er sett på som eit laust samansett porøst objekt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Smålekamar i solsystemet