21st Century Schizoid Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
21st Century Schizoid Man
Singel av King Crimson
frå albumet In the Court of the Crimson King
A-side

Epitaph

Språk engelsk
Utgjeve 12. oktober 1969
Innspelt 1. og 20–21. august 1969
Sjanger
Lengd 7:20
Selskap Island
Komponist Michael Giles, Robert Fripp, Ian McDonald, Greg Lake
Tekstforfattar Peter Sinfield
Låtskrivar(ar)
Produsent King Crimson
King Crimson-kronologi 
«The Night Watch»
(1974)
21st Century Schizoid Man «Matte Kudasai»
(1984)


«21st Century Schizoid Man» er ein song av progrockbandet King Crimson frå debutalbumet deira In the Court of the Crimson King.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten på «21st Century Schizoid Man» består hovudsakleg av usamanhengande setningar og ei rekkje bilete. Alle dei tre versa følgjer eit mønster som presenterer desse bileta. Den første linja av kvart vers er relativ vage bilete (t.d. «iron claw», «death seed»). Den andre linja er eit enkelt bilete, ofte meir spesifikt enn dei første to, og den tredje linja er ei faktisk setning. Den fjerde og siste linja i kvart vers er «21st century schizoid man».

Songen referer til Vietnamkrigen som til dømes «innocents raped with napalm fire» og «politicians' funeral pyre». Før songen vart spelt på ein konsert 14. desember 1969 (som ein kan høyre på konsertalbumet Epitaph), seier Fripp at songen var tileigna «ein amerikansk politisk personlegdom som me alle kjenner og liker så godt. Han heiter Spiro Agnew».

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk er songen kjend for den kraftig forvrengde vokalen sungen av Greg Lake, ein drivande mekanisk rytme og gjennomtrengande høglydt saksofon og gitar, i lag med ein instrumental midtre del kalla «Mirrors». Det meste av songen er i anten 4/4 eller 6/8 time, utanom slutten av songen som har fri takt.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

King Crimson heldt fram å spele songen etter at Greg Lake forlet King Crimson i 1970 for å danne Emerson, Lake & Palmer. Han finst på fire konsertalbum frå fire forskjellige versjonar av bandet, først sungen av Lake på Epitaph, så av Boz BurrellEarthbound (1972), av John WettonUSA (1974), og av Adrian BelewVrooom Vrooom (2001, opptak frå 1996). I 1993 spelte Emerson, Lake & Palmer ein versjon av songen for plateboksen The Return of the Manticore.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre band som har spelt inn songen er mellom andre Flower Travellin' Band, Premiata Forneria Marconi, Entombed, Edge of Spirit, Von Hertzen Brothers, Voivod, Unrest, Afterhours, The Tangent, Savage Republic, Forbidden, Suck, April Wine, Let 3, Cripple Bastards, Les Fradkin, Greg Lake med Gary Moore på gitar, Talas, Ozzy Osbourne, Jeffrey Fayman, Shining, Gov't Mule, Noir Désir og The String Cheese Incident.

Songen vart sampla av Kanye West for songen «Power» frå albumet hans My Beautiful Dark Twisted Fantasy 2010.[1], og av RJD2 for remiksen hans av Aesop Rock sin «Kill 'Em All».

Ein del av teksten er nytta i songen «21st Century (Digital Boy)» av punkrockbandet Bad Religion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]