2 Brothers on the 4th Floor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
2 Brothers on the 4th Floor

OpphavNederland
Aktiv1990 -
SjangerDance, Hardcore
MedlemmerMartin Boer
Bobby Boer
Tidlegare medlemmerD-Rock (rappar)
Desirée Manders (vokal)
Da Smooth Baron MC (rappar)
Peggy "The Duchess" (vokal)
Gale Robinson (vokal)

2 Brothers on the 4th Floor er ei nederlandsk dance-gruppe som vart starta i 1990 av brørne Martin og Bobby Boer. Dei hyrte også inn fleire musikarar etter kvart som dei vart meir populære.

Den fyrste kjende singelen deira hadde namnet Can't Help Myself og vart ein internasjonal hit i 1990. Seinare gav dei ut singlane Turn Da Music Up (1991), Never Alone (1993), Dreams (1994), Let Me Be Free (1994) med fleire. Dei gav i alt ut 2 studioalbum: Dreams (1994) og 2 (1996).

Gruppa har ikkje gjeve noka formell kunngjering om at gruppa er oppløyst, og gjev enno konsertar med ujamne mellomrom. M.a. opptrådte dei på ein "I love the 90's"-fest i Belgia framfor over 21.000 tilhøyrarar i 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]