2 Unlimited
| 2 Unlimited | |
Ray Slijngaard og Anita Doth opptrer i 1994. |
|
| Sjanger | Dance |
| Aktive år | 1991 - 1996, 1998 - 1999, 2009 - |
| Plateselskap | Byte Records, PWL, ZYX Records, Quality Records, Radikal Records |
| Nettstad | www.the2unlimited.com |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Ray Slijngaard (rappar) Anita Doth (vokal) |
|
| Tidlegare medlemmer | |
| Romy van Oojen Marjon van Iwaarden |
|
2 Unlimited var ei nederlandsk dance-gruppe som vart skipa i 1991. Ho bestod av rapparen Ray Slijngaard og songaren Anita Doth, begge frå Amsterdam.
Innhaldsliste |
[endre] Karriere
Slijngaard og Doth starta i 1991 eit samarbeid med to belgiske musikkprodusentar, Philip Wilde og Jean-Paul de Coster, og tok namnet 2 Unlimited. Dei signerte platekontrakt med belgiske Byte Records.
Debutalbumet Get Ready! vart utgjeve i februar 1992. Singelen Get Ready For This gjekk høgt på hitlistene i mange vestlege land, og plata inneheldt 3 andre songar som vart utgjevne som singlar. Oppfylgjaralbumet No Limits frå 1993 inneheldt singelen No Limit som gjekk rett til topps på europeiske hitlister, også i Noreg. Tribal Dance var ein annan singel frå same albumet. Sjølve albumet selde også svært godt, med meir enn 3 millionar selde kopiar. 2 Unlimited har også gjeve ut ei rekkje samlealbum.
2 Unlimited gav ut eitt studioalbum til med namnet Real Things (1994), med noko mindre suksess enn dei to fyrste. I april 1996 vart det kunngjort at 2 Unlimited var oppløyst.
Dei to belgiske produsentane forsøkte likevel å få liv i 2 Unlimited att i 1998, ved å hyra inn to nye nederlandske songarar, Romy van Oojen og Marjon van Iwaarden utan Doth og Slijngaard. Med dei nye gruppemedlemmene gav 2 Unlimited ut plata II i 1998, med moderat suksess.
I 2009 gjorde Doth og Slijngaard ein reunion og tok namnet Ray & Anita. Under dette namnet har dei gjeve ut singlane Still Unlimited (2009) og In Da Name Of Love (2010). Romy og Marjon har også gått saman att og har teke artistnamnet 2.
[endre] Diskografi
[endre] Studioalbum
- Get Ready! (1992)
- No Limits (1993)
- Real Things (1994)
- II (1998)
[endre] Singlar (utval)
- Get Ready For This (1992)
- No Limit (1993)
- Tribal Dance (1993)
- The Real Thing (1994)
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «2 Unlimited» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2011.