3200 Phaethon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
3200 Phaethon
Oppdaging A
Oppdaga av Simon Green og
John K. Davies/IRAS
Oppdaga dato 11. oktober 1983
Alternative namn B
Kategori Apolloasteroide,
merkurkryssande asteroide,
venuskryssande asteroide,
marskryssande asteroide
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Solfjerne (aphel, Q) 359,456 mill. km (2,403 AE)
Solnære (perihel, q) 20,922 mill. km (0,140 AE)
Stor halvakse (a) 190,189 mill. km (1,271 AE)
Eksentrisitet (e) 0,890
Omløpsperiode (P) 523,586 d (1,43 år)
Gjennomsnittleg banefart 26,42 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 200,798°
Banehelling (i) 22,169°
Lengda til oppstigande knute ) 265,427°
Perihelargument (ω) 321,978°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 5,1 km
Masse 1,4·1014 kg
Tettleik 2 ? g/cm³
Overflategravitasjon 0,0014 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0027 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo 0,1 ?
Spektralklasse B-type-asteroide
Absolutt storleiksklasse: 14,6
Overflatetemperatur: ~247 K

3200 Phaethon er ein Apollo-, Merkur-, Venus- og Mars-kryssande asteroide med uvanlege data, og kan vera ein utdøydd komet.

Simon Green og John K. Davies oppdaga 3200 Phaethon (1983 TB) nær dei søkte gjennom IRAS-data for objekt med rørsle, i bilde frå 11. oktober 1983. Asteroiden blei annonsert 14. oktober i IAEC 3878 saman med optisk bekrefting av Charles T. Kowal, som rapporterte at han var asteroidisk i utsjånad. IAEC 3881 publiserte au snart observasjonane til Fred Whipple. Dei var at «baneelementa til 1983 TB vist på IAEC 3879 er så og seie like snittbaneelementa til 19 geminidar (meteorar) fotografert med spesialkamera for meteorar: super-Schmidt meteor camera». Phaethon viste seg difor å vera den lenge etterlyste kjelda til meteorstormen geminidane.

Den mest bemerkelsesverdige eigenskapen til Phateone er at han kjem nærare sola enn nokon annan nummerert asteroide, perihel er berre på 0,140 AE —som er 58 % av baneradiusen til planeten Merkur. Overflatetemperaturen ved perihel kan nå ~1025 K. Difor har han blitt namnsett etter den greske myten om Faeton, son av solguden Helios.

Utsjånaden til Phaethon (bane, storleik, reflektans og samband til ein årleg meteorstorm) kan samanliknast med ein komet, bortsett frå at Phaethon aldri har blitt sett med koma, gass- eller støvhale. Difor er han klassifisert som ein apolloasteroide men er sett på som ein inaktiv eller utdøydd kometkjerne.

Phaethon er klassifisert som ein B-typeasteroide fordi han er samansett av mørkt materiale; dette au passar bra med komethypotesen. Han måler 5,10 km i diameter.

Phaethon vil passere relativt nære jorda 14. desember 2093, med minsteavstand på 0,0194 AE (2,9 mill. km).