3X3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
3X3
EP av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 21. mai 1982
Innspelt Mai-juni 1981
Sjanger Poprock
Lengd 15:10
Selskap Charisma (UK), Vertigo
Produsent Genesis
Kritikk
Genesis-kronologi 
Abacab
(1981)
3X3 Three Sides Live
(1982)


3X3 er ein EP av rockebandet Genesis. Han kom ut i 1982 med tre songar som vart spelte inn under innspelinga av Abacab. Singelen frå EP-en, «Paperlate», nådde 10. plass på den britiske singellista og 32. plassen i USA.

Alle songane på EP-en vart spelte inn under innspelinga av albumet Abacab. For songen «Paperlate», nytta Collins blåserekkja til bandet Earth, Wind & Fire.[2] Collins har ofte nytta gruppa for andre prosjekt, som sine eigne soloalbum.

3X3 vart aldri gjeve ut på CD, men songane kom ut på verdsutgåva av Three Sides Live.[3] I tillegg vart to av songane, «Paperlate» og «You Might Recall», gjeven ut i plateboksen Genesis Archive 2: 1976-1992 (2000). «Me and Virgil» kom ikkje med i boksen, truleg fordi bandet ikkje likte songen så godt, men han vart sidan gjeven ut på bonus-CD-en som følgde boksen Genesis 1976-1982.[4][5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford.

Side A[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paperlate»  – 3:20
  2. «You Might Recall»  – 5:30

Side B[endre | endre wikiteksten]

  1. «Me and Virgil»  – 6:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «allmusic ((( 3 X 3 > Overview )))». allmusic.com. Henta 19. oktober 2012. 
  2. 2,0 2,1 «Genesis – 3 X 3 (7», EP) at Discogs». discogs.com. Henta 19. oktober 2012. 
  3. «Ripped Vinyl & Other Rarities: 3 X 3 (1982)». blogspot.com. Henta 19. oktober 2012. 
  4. «Rhino rewrites the book of Genesis». monstersandcritics.com. Arkivert frå originalen 22. mars 2012. Henta 19. oktober 2012. 
  5. «ProgressiveWorld.net – Genesis New Reissues Available For Pre-Order». progressiveworld.com. Henta 19. oktober 2012.