3 Busserulls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

3 Busserulls (òg kjent som «Busserulls») er ein visesongtrio som består av Gunnar Andersen, Jostein Hveding og Kurt M Johansen frå revymiljøet i Nord-Rogaland.

Trioen såg lyset for fyrste gong 2. juledag 1962 under eit juleshow for Åkra Idrettslag i Åkrehamn på Karmøy. Karl Magnus Sjøen entra scenen og song Chat Noir-viser saman med Oddvard Andreassen og Sverre Jensen. Då Sverre Jensen døydde høyrte me ikkje meir frå Busserulls før 1975, då dei starta opp att, denne gong med Lasse Pedersen som tredjemann.

Pedersen måtte gi seg i 1977, og trioen fekk då Gunnar Andersen med på laget. Gruppa gjekk da over til meir revyaktige sceneshow med masser av kostymeskift. I 1985 valde Oddvard Andreassen å trekkja seg frå laget og Reidar Brendeland vart opptatt som ny Busserull. Brendeland var med i to år før han gjekk tilbake til si tidlegare gruppe, Vestlandsfanden.

Gruppa fortsette då som duo, med det forkorta namnet «Busserulls» fram til Karl Magnus Sjøen (14. november 1944-30. mars 2002) vart alvorleg sjuk i 1990. Sjøen er nå gått bort.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Suddeli-Duttan-Dei (1977)
  • På 'an igjen (1978)
  • Mytteri (1979)
  • Stiv kuling (1980)
  • Rabbagast (1981)
  • Banditos (1982)
  • Oljefeber (1983)
  • Piker, Vin og 3 Busserulls (1985)
  • Det glade vanvidd (1986)
  • Å då lo eg (1987)
  • Hi-ha! Jo Galare, jo bedre! (1988)
  • Jubalon (1989)
  • Fest & Baluba (1990)
  • Kan du huska 3 Busserulls, 47 beste (2000)
  • Gudsord fra landet (2004)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Arkivert 2007-08-03 ved Wayback Machine.