3 rips

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

3 Rips er ein humoristisk teikneserie skapt av den norsk-russiske teiknaren Natalya Kochergova på initiativ frå Fonna Forlag. Den blir trykt i søndagssideformat, dvs. som ei stripe med to eller tre rader i fargar. Tekstleg assistent for serien er Roald Waktskjold, forlagssjef i Fonna.

Konseptet og figurane blei første gongen presentert på Raptus Teikneseriefestival 2005, og dei første stripene blei vist fram på arrangementet Vossastreken i 2006.

Den 28. oktober 2006 år debuterte serien i avisa Hallingdølen.

3 Rips heitte først 3chix, men namnet blei endra før lanseringa i Hallingdølen, moglegvis grunna namnelikskap med den amerikanske stripeserien Six Chix.

Figurane[endre | endre wikiteksten]

Serien dreier seg rundt tre venninner. Alle andre figurar, anten dei er venner, kjærastar, lærarar eller foreldre, spelar førebels ei nokså perifer rolle.

  • Sonya

”Smil meir til verda, og verda smiler igjen!!!”

Raudhåra, freknete Sonya er den streite i gjengen. Ho observerer meir enn ho handlar.

  • Lydia

”Smil meir, det irriterer alle”

Den høge brunetta Lydia er meir av ein original. Ho er smart, utåtvendt og kreativ. Dessuten er ho amatøroppfinnar, og har mellom anna funne opp ein ekstra sterk tyggis som gjev enorme bobler.

  • Natasha

”Ikkje smil for mykje, du kan få rynker!”

Den bleike blondina Natasha er inneslutta, blir lett irritert og seier ikkje så mykje. Også ho blir rekna for å vere sær, men i motsetnad til Lydia verkar det som ho er sær med vilje.