4179 Toutatis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
4179 Toutatis
Oppdaging A
Oppdaga av Christian Pollas
Oppdaga dato 4. januar 1989
Alternative namn B
Kategori Apollo, Alinda,
Mars-kryssande
BaneelementC JPL
Epoke 22. oktober 2004 (JD 2453300,5)
Aphel (Q) 616,914 mill. km (4,124 AE)
Perihel (q) 137,739 mill. km (0,921 AE)
Stor halvakse (a) 377,326 mill. km (2,522 AE)
Eksentrisitet (e) 0,635
Omløpsperiode (P) 1463,140 d (4,01 år)
Gjennomsnittleg banefart 16,69 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 358,877°
Banehelling (i) 0,446°
Lengda til oppstigande knute ) 122,777°
Perihelargument (ω) 280,059°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 4,5 · 2,4 · 1,9 km
Masse 5,0·1013 kg
Tettleik 2,1 g/cm³
Overflategravitasjon 0,0010 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0019 km/s
Rotasjonsperiode 5,41+7,35 d
Albedo 0,13
Spektralklasse S
Absolutt storleiksklasse: 15,30
Overflatetemperatur: ~174 K

4179 Toutatis er ein apollo-, ein alinda- og ein mars-kryssande asteroide med ein kaotisk bane laga av ein 3:1 resonanse med Jupiter. På grunn av den svært låge banehellinga (0,47°) og baneperioden på nesten fire år gjer Toutatis stadige nærpasseringar med jorda med ein minimumsdistanse som nå er berre 0,006 AE (2,3 gonger lengre unna enn månen). Passeringa 29. september 2004 var spesielt nær, 0,0104 AE (under 4 gonger avstanden til månen) frå jorda, noko som gav ein god moglegheit for observasjonar av asteroiden.

Ein 3D-modell av dei forskjellige overflatane til Toutatis

Rotasjonen hans kombinerer to separate rørsler i eit ikkjeperiodisk resultat. For noko plassert på overflata til Toutatis ville sola sjå ut til å stå opp og gå ned på heilt tilfeldige stader og tilfeldige tider langs horisonten på asteroiden.

Han er namnsett etter den keltiske krigsguden Toutatis.

Radarbilde har vist at Toutatis har ein svært irregulær utsjånad, samansett av to tydelege «klumpar» med maksimumbreidd på høvesvis omtrent 4,6 km og 2,4 km. Hypotesen er at Toutatis blei danna av to forskjellige lekamar som ein gong foreinte seg, med eit resultat som ser ut som ein grushaug.

Kor nære er det?[endre | endre wikiteksten]

For å setja passeringa 29. september 2004 i perspektiv, kan ein sjå på asteroiden og jorda som to racerbilar. Dei to racerbanane representerer de to himmelbanane. Asteroidebanen er 1,5 km lang og 1,2 km på tvers. Jordas bane ville vera ein sirkel på 600 m i diameter innanfor asteroidebanen, dei kryssar kvarandre på den eine sida. På denne skalaen ville dei to bilane krysse kvarandre med ein avstand på 3,2 m (to tredels billengde) frå kvarandre, og kan teoretisk sett komma så nære som 1,8 m

Samanlikninga bryt saman når ein veit at dei verkelege banane ikkje er faste i rommet, men kan endre seg over tid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]