45 Eugenia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
45 Eugenia
Oppdaging A
Oppdaga av H. Goldschmidt
Oppdaga dato 27. juni 1857
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 26. november 2005 (JD 2453701,5)
Aphel (Q) 440,305 mill. km (2,943 AE)
Perihel (q) 373,488 mill. km (2,497 AE)
Stor halvakse (a) 406,897 mill. km (2,720 AE)
Eksentrisitet (e) 0,082
Omløpsperiode (P) 1638,462 d (4,49 år)
Gjennomsnittleg banefart 18,03 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 45,254°
Banehelling (i) 6,610°
Lengda til oppstigande knute ) 147,939°
Perihelargument (ω) 85,137°
Satellittar Petit-Prince
S/2004 (45) 1
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 305×220×145 km [1] [2]
Masse 5,8 ± 0,2 ×1018 kg [3] [4] [5]
Tettleik 1,1 ± 0,3 g/cm³ [4]
Overflategravitasjon 0,017 m/s²[6]
Unnsleppingsfart 0,071 km/s[6]
Rotasjonsperiode 0,2375 d (5,699 t) [7]
Aksehelling: 117 ± 10°
Albedo 0,040 ± 0,002 [1]
Overflatetemperatur:
   Kelvin
   Celsius
min snitt maks
253
-22°
Spektralklasse F [8]
Absolutt storleiksklasse: 7,46 [1]

45 Eugenia er ein stor hovudbelteasteroide. Den er kjent som ein av dei første asteroidane ein har funne ein måne i bane rundt. Den er også den andre kjente trippelasteroiden, etter 87 Sylvia.

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Eugenia vart oppdaga 27. juni 1857 av Hermann Goldschmidt. Han vart namnsett etter keisarinne Eugénie, kona til Napoleon III, og var den første asteroiden namnsett etter ein ekte person i staden for etter ein figur frå ein klassisk legende. Det har likevel har det vore ein del kontrovers om 12 Victoria var namnsett etter den mytologiske figuren eller etter dronning Victoria.

Fysiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Eugenia er ein stor asteroide med ein diameter på 214 km. Han er ein F-type-asteroide, noko som betyr at han har ei veldig mørk overflate (mørkare enn sot) med ei karbonhaldig samansetning. Likt som 253 Mathilde, ser tettleiken ut til å vera uvanleg låg, noko som tyder på at asteroiden er laust pakka i staden for å vera ein gigantisk ”kampestein”. Lyskurveanalysar indikerer at Eugenias pol mest sannsynleg peikar mot ekliptikkordinatane (β, λ) = (-30°, 124°) med ein unøyaktigheit på 10°, som gir han ein aksehelling på 117°. Eugenia sin rotasjon er retrograd.

Satellittsystemet[endre | endre wikiteksten]

Petit-Prince[endre | endre wikiteksten]

I november 1998 oppdaga astronomar ved Canada-Frankrike-Hawaii-TeleskopetMauna KeaHawaii ein liten måne i bane rundt Eugenia. Dette var den første gongen ein asteroidemåne hadde blitt oppdaga ved bruk av eit bakketeleskop. Eugenia sin måne har blitt namnsett (45) Eugenia I Petit-Prince, etter keisarinne Eugénie sin son, Napoleon Eugene. Månen er mykje mindre enn Eugenia, omtrent 13 km i diameter, og bruker fem dagar på eitt krinsløp rundt han.

S/2004 (45) 1[endre | endre wikiteksten]

Ein andre, mindre satellitt vart oppdaga i bane nærare Eugenia. Diameter er estimert til å vera 6 km og han har får overgangsnamnet S/2004 (45) 1. Månen vart oppdaga ved analyse av tre bilete tekne i februar 2004 av 8,2 meter VLT-teleskopet Yepun ved ESO i Cerro Paranal i Chile. [9] Oppdaginga vart offentleggjort i IAUC 8817 7. mars 2007 av Franck Marchis og hans IMCCÈ-samarbeidspartnarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Dactyl og 243 Ida –eit delvis utforska asteroidemånesystem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Supplemental IRAS Minor Planet Survey»
  2. M, Kaasalainen et al (2002) «Models av Twenty Asteroids frå Photometric Data» – Icarus, s. 369.
  3. [1] F. marsis,
  4. 4,0 4,1 F. marsis et al (2004) «Fine Analysis av 121 Hermione 45 Eugenia og 90 Antiope Binary Asteroid Systems With AO Observations» – Bulletin av the American Astronomical Society, s. 1180.
  5. Unøyaktigheit kalkulert frå unøyaktiheiter i bana til Petit-Prince.
  6. 6,0 6,1 Ved ytre verdiar av lengdeaksen.
  7. PDS lyskurvedata
  8. PDS-databasen -asteroidetaksonomi
  9. IMCCÉ-nyhendenotis
Smålekamar i solsystemet