4th Time Around

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«4th Time Around»
Song av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
Utgjeve 16. mai 1966
Innspelt 14. februar 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 4:35
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«4th Time Around» er ein song av Bob Dylan på albumet hans Blonde on Blonde frå 1966.

Teksten skapar kontrast mellom det vanlege og det absurde og indikerer ein ung romanse. Songen er bitar av ein samtale mellom ein mann og ei kvinne, som ser ut til å vere midt i ein krangel. Teksten opnar med det som verkar som høgdepunktet i krangelen «When she said/ Don't waste your words, they're just lies/ I cried she was deaf». Melodien er ein enkel folkemelodi som står i kontrast til dei meir blues-rock-orienterte songane som dominerer Blonde on Blonde.

«4th Time Around» har ein viss likskap til The Beatles-songen «Norwegian Wood», både melodisk og tekstmessig. «Norwegian Wood» vart rekna som eit stort kunstnarisk sprang for John Lennon og ein av dei første songane som viste at han var tydeleg inspirert av Dylan. «4th Time Around» kan ha vore ein leiken hyllest eller ei satirisk åtvaring til Lennon.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]