5. sundag etter påske
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
5. sundag etter påske, før kalla Rogate, «bed!», av dei latinske orda i evangeliteksten for dagen: «Be, så skal de få!» (Joh. 16,24[1]), er den sjette sundagen i den kristne påsketida.
Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i tradisjonelt henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev. I Den norske Kyrkja brukast no annakvart år som preiketekst Mat. 6,6-13, det er teksten til Fadervår.[2]
Alt frå kring år 450 vart dei tre dagane mellom Rogate og Kristi himmelfartsdag kalla rogasjonsdagane. Det var bønedagar då kyrkjelyden gjekk i prosesjon med krossar og kyrkjefaner for å be om velsigning for land og grøde.
Kjelder [endre]
- Nils Johan Stoa og Per-Øivind Sandberg: Våre røtter Cappelen 2001 ISBN 82-02-20848-3
- Paul Erik Wirgenes: Fra søndag til søndag Verbum Forlag 2006 ISBN 87-543-1068-8
|
|
||
|---|---|---|
| Den stille veka | Lasaruslaurdag · Palmesundag · Heilage måndag · Heilage tysdag · Heilage onsdag · Skjærtorsdag · Langfredag · Påskeaftan · Påskedag | |
| Påsketida | Andre påskedag · Tredje påskedag · 1. sundag etter påske · 2. sundag etter påske · 3. sundag etter påske · 4. sundag etter påske · 5. sundag etter påske · 6. sundag etter påske · Kristi himmelferdsdag | |
| Påskeforteljingar | Jesus Kristus · Lidingssoga · Den siste nattverden · Golgata · Krossfestinga · Jesu sju ord på krossen · Påskevake · Myrraberarane | |
| Kristne tradisjonar | Artos · Judasbrenning · Krossprosesjon · Krossvegsandakt · Påskeformelen · Påskekorg · Påskelys · Påskeprosesjon · Påskesalmar | |
| Andre tradisjonar | Påskeegg · Påskehare · Påskehatt · Påskekort · Påskepynt · Eggdans · Eggkakking · Eggrulling · Langfredagsfjære · Skjæltorsdag | |