5261 Eureka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
5261 Eureka
Oppdaging A
Oppdaga av David H. Levy
Oppdaga dato June 20 1990
Alternative namn B
Kategori Mars-kryssande asteroide
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Solfjerne (aphel, Q) 242,684 mill. km (1,622 AE)
Solnære (perihel, q) 213,132 mill. km (1,425 AE)
Stor halvakse (a) 227,908 mill. km (1,523 AE)
Eksentrisitet (e) 0,065
Omløpsperiode (P) 686,829 d (1,88 år)
Gjennomsnittleg banefart 24,13 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 104,086°
Banehelling (i) 20,280°
Lengda til oppstigande knute ) 245,108°
Perihelargument (ω) 95,361°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar ukjend
Masse ukjend
Tettleik ukjend
Overflategravitasjon ukjend
Unnsleppingsfart ukjend
Rotasjonsperiode ukjend
Albedo ukjend
Spektralklasse ukjend
Absolutt storleiksklasse: 16,1
Overflatetemperatur: ~225 K

5261 Eureka blei oppdaga frå Palomarobservatoriet 20. juni 1990 og visa seg å vera den fyrste kjende trojanske asteroiden til planeten Mars. Han fylgjer Mars (i L5-punktet) på ein avstand som berre varierer med 0,3 AE for kvart omløp (med ein sekulær trend oppå dette som endrar frå 1,5-1,8 AE rundt 1850 til 1,3-1,6 AE rundt 2400). Minimumsavstanden frå jorda, Venus og Jupiter er høvesvis 0,5, 0,8 og 3,5 AE.

Berekningar over lengre tidsperspektiv viser at banen er stabil. Kimmo A. Innanen og Seppo Mikkola poengterer at «motsett av det ein skulle tru er det klare empiriske bevis på stabilitet på rørsla rundt L4- og L5-punkta til alle dei terrestriske planetane i ei tidssamanheng på fleire millionar år».

Sidan da har andre marstrojanarar blitt identifisert, nemleg 1999 UJ7 på L4-punktet og 1998 VF31, 2001 DH47, 2001 FG24, og 2001 FR127 ved L5-punktet. Dei ko-orbitale 1998 QH56 og 1998 SD4 har ikkje i lagnaden sin å halde fram som trojanarar, dei vil bli avbøygde frå Mars i løpet av dei neste 500 000 åra.

Referansar[endre | endre wikiteksten]