71° nord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
71° nord


Sjanger Reality
Programleiarar Janne Horgen Friberg (1999)
Tom Strømnæss (2000)
Elin Tvedt (2001 - 2005)
Tom Stiansen (2006 - )
Nasjonalitet Noreg
Innspelingsland Noreg
Språk Norsk
Kanal TVNorge
Sesongar 14 (innkludert to kjendisutgåvar)

71° nord er ein norsk reality-serie som har gått kvart år på TVNorge sidan hausten 1999. Serien blir produsert av Nordisk Film.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Tittelen spelar på målet for turen, som går frå Lindesnes til Nordkapp på 71° nord. På vegen skal deltakarane (menn og kvinner) kjempe seg gjennom vakker, men til tider farleg natur. På kvar etappe må dei overhalde tidsfristar for at oppdraga skal bli godkjente. Dei får prøve både den fysiske og den psykiske styrken sin på vegen mot nord. Ved fleire tilfelle har deltakarar trekt seg frå oppdrag dei sjølv meinte var for tøft for dei.

Vanlegvis blir ein deltakar sendt heim i kvar episode. Sett bort frå i 2002 og 2003, der det var ein valt leiar som avgjorde kven som skulle heim, blir dette gjort ved at deltakarane rangerer kvarandre. Den som får lågast poengsum må forlate gruppa. Frå og med 2007 vart ingen deltakarar sendt heim i dei første programma, men berre «merkte». Når så fire deltakarar var «merkte», konkurrerte desse innbyrdes om å unngå å bli den første som måtte forlate gruppa. I nokre tilfelle har slik merking, og konkurranse mellom dei merkte, òg blir brukt seinare i serien.

Deltakarane kan likevel sikre seg mot å bli sendt heim ved å vinne frikort. Konkurransane om frikorta plar vere veldig varierte, og kan variere frå å løysing av puslespel, skytekonkurransar, vasski osb.

Den siste uttaksrunden for deltakarane i serien er ei samling på 2 til 3 dagar der dei blir testa fysisk og psykisk. I 2002, 2003 og 2010 vart det laga eit eige program ("Episode 0") i samband med dette uttaket.

Bak serien[endre | endre wikiteksten]

Åse Marie Bendiksen hadde ida til konseptet, og var òg produsent for dei to første sesongane. I 2001 tok Rune Biseth-M. over som produsent, første året med Åse Marie Bendiksen som co-produsent, seinare åleine. Serien blir produsert av ein stab på over 30 menn, som reiser i 30 dagar gjennom heile Noreg. Jan Fasting har vore ansvarleg for rute og tryggleik i alle sesongane, og Tom Strømnæss har heile tida vore den ansvarlege til TVNorge.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

71° nord vann Gullruten i klassa beste røyndomsdrama under Gullruten 2005 og Gullruten 2006. I tillegg fekk Jan Fasting fagprisen under Gullruten 2003, for arbeidet sitt med 71° nord.

71° nord i andre land[endre | endre wikiteksten]

Konseptet har vorte selt til fleire land:

Dei danske, belgisk/nederlandske og den britiske versjonen vart spela inn i Noreg. Dei øvrige seriane vart spela inn i dei respektive heimlanda. Ved sida av den norske utgåva, er den engelske versjonen 71 Degrees North, og den amerikanske versjonen, No Boundaries, dei einaste av desse som er vist på norsk fjernsyn. 71 Degrees North vart vist på MAX vinteren 2011, medan No Boundaries vart vist på TVNorge sommaren 2002, under tittelen 71° nord USA. Denne tittelen er noko misvisande, sidan ruta gjekk gjennom Canada, og målet var Polarsirkelen. Norske kommentarar vart lese av Tom Strømnæss.

Deltakarar og plasseringar[endre | endre wikiteksten]

1999[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunnar Hagen
  2. Knut Ivar Pelerud
  3. Tina B. Christensen
  4. Hege Voll Christiansen
  5. Jon Sverre Lund
  6. Anette Jacobsen
  7. Lars Mæland
  8. Tone Rose Gjøvik
  9. Bjørn Østberg
  10. Gunvor Myklebust

2000[endre | endre wikiteksten]

  1. Njaal Reitan
  2. Alexander Endsjø
  3. Trine Jørgensen
  4. Arild Støren Frick
  5. Karina Rojas Helena Aaberge
  6. Tone Kvenås Wedde
  7. Maria Willumsen
  8. Lars Tore Nordberg
  9. Robert Leite
  10. Elisabeth Fredriksen
  11. Lene Carr
  12. Tormod Haglund

2001[endre | endre wikiteksten]

  1. Hanne Steen Henriksen
  2. Henrik Aase
  3. Kristin Wisløff
  4. Cecilie Bjørnetun
  5. Espen A. Tveit
  6. Benny Sætermo
  7. Erik Roll
  8. Svein H. Dahle
  9. Severin Hestetun
  10. Marianne Storhaug Nielsen
  11. Tone Merete Petersen
  12. Hilde Kaada

2002[endre | endre wikiteksten]

  1. Johan Mathis Buljo
  2. Camilla Fein
  3. Line Christofersen
  4. Rita Helen Simonsen
  5. Øyvind Bjerke
  6. Truls Aabol
  7. Margareth Berentzen
  8. Magnus Tølløv Kjøbli
  9. Mette Elisabeth Loe
  10. Gøril Andersen
  11. Leif Ivar Ansnes
  12. Svein Arne Fjæren Holmen
  13. Kjersti Veastad

2003[endre | endre wikiteksten]

  1. Trond Hallan
  2. Åshild Tveit
  3. Jon Arne Hoås
  4. Anne Lise Skonseng
  5. Bente A. Vold
  6. Remi Goulignac
  7. Luca Kleve-Ruud
  8. Anniken Paulsen
  9. Flemming Kristiansen
  10. Allan Fallrø
  11. Christine Kirkeby
  12. Simen Kamfjord
  13. Berit Sandberg

2004[endre | endre wikiteksten]

  1. Morten Lauknes
  2. Celin Vanay
  3. Hilde Ulland
  4. Christian «Loon» Hadler
  5. Petter El Fakiri
  6. Christian Torp
  7. Torill Pedersen
  8. Kristine Hansen
  9. Joachim Hrasky
  10. Oddvar Thorbjørnsen
  11. Morten «Morty» Ø. Skaret
  12. Gunhild Berntsen
  13. Unn Haugen
  14. Inger Høyer-Dahl
  15. Therese Sjursen

2005[endre | endre wikiteksten]

  1. Eivind Antonsen Segtnan
  2. Linda Meyer
  3. Signe Kristin Hovland
  4. Jan Frode Johansen
  5. Therese Husby
  6. Ivan Jensen
  7. Camilla Cecilie Brodahl Ringvold
  8. Bjarte Helle
  9. Anette Bjerve
  10. Maria Grødem
  11. Anders Dalane
  12. Silje Sørensen
  13. Erik Greve-Isdahl
  14. Steinar Nilssen
  15. Jackeline Lorentzen

2006[endre | endre wikiteksten]

  1. Christine Vindenes
  2. Trude Spaun
  3. Lynn Stareng
  4. Marie Holmebakken
  5. Kai Vidar Nygård
  6. Thomas Jensen
  7. Adi Redzic
  8. Ida Beate Elvestad
  9. Atle Sviland
  10. Kristine Engan Ræder
  11. Tina Desiree Martinsen
  12. Trond-Ivar Olsen
  13. Issam Afelad
  14. Rolf Arne Borgen
  15. Monica Brekke

2007[endre | endre wikiteksten]

  1. Madeleine Lagergren
  2. Kjersti Simpson-Larsen
  3. Andreas Martinussen
  4. Espen Setterblom
  5. Aslak Mørstad
  6. Kamilla Ersek
  7. Tomas Vik
  8. Christian Hansen
  9. Elisabeth Reinertsen
  10. Guro Mæhlum

2008[endre | endre wikiteksten]

  1. Benedicte Unhjem Johansen
  2. Wenche Godtskalksdotter Enes
  3. Mali Fjogstad Nielsen
  4. Håkon Halstensen
  5. Marius Christoffer Hartmann Dietrichson
  6. Per Kristen Gisleberg
  7. Trym Hølvold
  8. Katinka Sundnes
  9. Inge Dulin
  10. Morten Mo
  11. Linn Gjerstad
  12. Rita Einevoll

2009[endre | endre wikiteksten]

  1. Tarjei Gautefall Nicolaisen
  2. Lene Hansen
  3. Trine Alsgaard
  4. Wenche Bøe
  5. Kristin Bøgeberg Johsson
  6. Hallgeir Martin Lundemo
  7. Jan-Tore Richenberg
  8. Anniken Sand
  9. Andreas Brunes
  10. Jørgen Aamodt

Kjendisutgåva 2010[endre | endre wikiteksten]

  1. Harald Martin Brattbakk
  2. Kristin Krohn Devold
  3. Cato Zahl Pedersen
  4. Stig Kjos
  5. Lars Barmen
  6. Kjersti Grini
  7. Liv Marit Wedvik
  8. Tommy Steine
  9. Minken Tveitan
  10. Lillian Müller

2010[endre | endre wikiteksten]

  1. Mari Wedum
  2. Gøril Aas Hustad
  3. Erlend Rønning
  4. Marit Martinsen
  5. Thomas Hammernes
  6. Morten Arvnes
  7. Tonnie Lobekk (no Tonnie Stensland)[1]
  8. Vidar Holmen
  9. Julie Torp Halbakken
  10. Hedda Bjørkholen
  11. Christian Otter
  12. Tom Sandstad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tonnie Lobekk skilles fra ektemannen