7 and 7 Is

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
7 and 7 Is
Singel av Love
frå albumet Da Capo
B-side «No. Fourteen»
Utgjeve Juli 1966
Innspelt 20. juni 1966 Sunset Sound Recorders, Hollywood CA
Sjanger Protopunk, hardrock
Lengd 2:15
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) Arthur Lee
Produsent Jac Holzman

«7 and 7 Is» er ein song av bandet Love, skriven av Arthur Lee og spelt inn 20. juni 1966 i Sunset Sound Recorders i Hollywood.

Han vart produsert av Jac Holzman med Bruce Botnick som lydteknikar. Det var mykje arbeid med å få spelt inn songen sidan trommeslagaren Alban «Snoopy» Pfisterer, ikkje klarte å halde følgje med den frenetiske tempoet og etter omkring 30 forsøk vart han erstatta av Arthur Lee sjølv. Songen eksploderer i eit apokalyptisk klimaks - lyden skulle etterlikne ei atombombe - før songen avsluttast fredfullt som ein blues, før han tonar ut.

Inspirasjonen til songen var at kjærasten til Arthur Lee frå high school hadde same bursdag som han, 7. mars. Han skildrar òg det frustrerte tenåringslivet.

Songen vart gjeven ut som singel på Elektra med «No. Fourteen» som B-side, «svaret» til den halve setninga på A-sida. Singelen kom ut i juli 1966 og nådde 33. plass på singellista i USA. Han vart den einaste hitsingelen til bandet.

Songen er skildra som «protopunk» og vart seinare spelt inn av mange andre band, mellom andre Ramones, Alice Cooper og Rush, samt ei nyinnspeling av Lee sjølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]