87 Sylvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk


87 Sylvia
Oppdaging A
Oppdaga av Norman Robert Pogson
Oppdaga dato 16. mai 1866
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet (Cybele)
BaneelementC Sylvia JPL
Epoch 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Aphel (Q) 563,679 mill. km (3,768 AE)
Perihel (q) 480,594 mill. km (3,213 AE)
Store halvakse (a) 522,137 mill. km (3,490 AE)
Eksentrisitet (e) 0,080
Omløpsperiode (P) 2381,697 d (6,52 år)
Gjennomsnittleg banefart 15,94 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 352,763°
Banehelling (i) 10,855°
Lengda til oppstigande knute ) 73,342°
Perihelargument (ω) 266,195°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 260,9 km
Masse 1,9·1019 kg
Tettleik 2,0 g/cm³
Overflategravitasjon 0,0729 m/s²
Unnsleppingsfart 0,1379 km/s
Rotasjonsperiode 0,216 d [1]
Albedo 0,0435 [2]
Spektralklasse X
Absolutt storleiksklasse: 6,94
Overflatetemperatur: ~151 K

87 Sylvia er ein av dei største [[hovudbeltet|hovudbelte]asteroidane. Han er svært mørk i farga og er sannsynleg veldig enkel i samansettinga. Han går i bane lengre ut enn dei fleste hovudbelteasteroidane, så han blei klassifisert som ein av Cybelane.

Grunnen til namnet er ukjend, noen seier at han kan vera kalla opp etter den fyrste kona til astronomen Camille Flammarion, men det er ikkje sterke bevis for dette.

Ein måne rundt Sylvia blei oppdaga 18. februar 2001 frå Keck II-teleskopet av Mike Brown og Jean-Luc Margot. Han er 15 km i diameter og går i bane i ein avstand på 1370 km. Satellitten fekk seinare namnet Romulus [3].

Tre år seinare, 9. august 2004, blei Remus, måne nummer to, oppdaga. Remus har ein diameter på 7±2 km og krinser rundt Sylvia i ein avstand på 706±5 km.

Månane er sannsynlegvis resultatet av at materiale kasta opp etter ein asteroidekollisjon samla seg som to objekt i bane rundt Sylvia. Måneoppdagingane gjorde at ein kunne finne massen og tettleiken til Sylvia. Tettleiken er lav, noe som tyder på at asteroiden sannsynlegvis er svært porøs.

[endre] På verdsveven

Småplanetar
(Sjå komplett liste)
Forrige småplanet 87 Sylvia Neste småplanet
Smålekamar i solsystemet
Personlege verktøy