90377 Sedna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
90377 Sedna
Sedna-NASA.JPG
Sedna, merkt av i grønt
Oppdaging A
Oppdaga av M. Brown
C. Trujillo
D. Rabinowitz
Oppdaga dato 14. november 2003
Alternative namn B 2003 VB12
Kategori Transneptunske-objekt
isolert spreidd-skive-objekt
BaneelementC JPL[1]
Epoke 26. september 1990 (JD 2448160,5)
Aphel (Q) 1,459×1014 m (975,56 AE)
Perihel (q) 1,1393×1013 m (76,156 AE)
Stor halvakse (a) 7,8668×1013 m (525,86 AE)
Eksentrisitet (e) 0,855
Omløpsperiode (P) rundt 4404480 d (12059,06 år)
Gjennomsnittleg banefart 1,04 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 357,457°
Banehelling (i) 11,934°
Lengda til oppstigande knute ) 144,514°
Perihelargument (ω) 311,123°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 1180–1800 km[2]
Masse 8,3×1020–7,0×1021 kg[3]
(0,05–0,42 Eris)
Tettleik 2,0? g/cm³
Overflategravitasjon 0,33-0,50 m/s²
Unnsleppingsfart 0,62-0,95 km/s
Rotasjonsperiode 0,42 d (10 t) [4]
Albedo >0,2?
Spektralklasse (raud) B-V=1,24; V-R=0,78 [5]
Tilsynelatande storleiksklasse 20,4 (perihel)[6]
Absolutt storleiksklasse: 1,6
Overflatetemperatur: under 33 K

90377 Sedna er eit transneptunsk-objekt oppdaga av Michael Brown (Caltech), Chad Trujillo (Gemini Observatory) og David Rabinowitz (Yale University) den 14. november 2003. Då objektet blei oppdaga var det det fjernaste solsystemobjektet ein kjende til.

Fysiske karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Sedna har ein estimert diameter på omtrent 1180 til 1800 km. På oppdagingstidspunktet var det det største objektet oppdaga i solsystemet sidan Pluto blei oppdaga i 1930. Det er no (per april 2008) rekna for å vera det femte største kuipterbelte-objektet av dei ein veit om; rangert etter Eris, Pluto, 2005 FY9 og 2003 EL61. Sedna ligg så langt unna sola at temperaturen på overflata aldri når over 33 kelvin, dvs. -240 °C.

Observasjonar ifrå Chile viser at Sedna er eit dei raudaste objekta i solsystemet og er nesten like raud som Mars. I motsetnad til Pluto og Charon ser Sedna ut til å ha særs lite metan- eller vassis på overflata og Chad Trujillo og hans kollegar på Gemini-observatorietHawaii føreslår at Sednas mørkeraude farge kjem av at overflata er dekt av ei slags hydrokarbonsøle, eller tholin, lik den funne på 5145 Pholus.[7] Overflata er homogen i farge og spektra; dette sannsynlegvis av di at Sedna i motsetnad til objekt nærare Sola mykje sjeldnare kolliderer med mindre objekt som eksponerer lysare terrreng under overflata, slik som på 8405 Asbolus. [8]

Sedna og Triton sine spektra har blitt samanlikna og føreslår den følgjande fellesmodellen for overflatesamansetnad: 24% tholin, 7% amorft karbon, 26% metanolis med 33% metan. [9]



Banekarakteristika[endre | endre wikiteksten]

Sedna har ein særs elliptisk bane med ein estimert aphel (fjernaste punkt) på 975 AE og perihel (næraste punkt) på omtrent 76,16 AE. Då Sedna blei oppdaga nærma objektet seg perihel og var ca. 90 AE ifrå sola. På oppdagingstidspunktet var Sedna det fjernaste solsystemobjektet observert så langt; sjølv om banane til nokre objekt, slike som langperiodiske kometar har banar som strekkjer seg lengre ut enn den til Sedna. Desse kometane er likevel små og dermed lyssvake slik at dei ikkje kan observerast anna enn når dei er nære perihel. Ein oppdaga seinare Eris på ein avstand på 97 AE, men Eris kjem likevel ikkje lengre unna Sola enn 97,56 AE.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marc W. Buie (13.08.2007). Orbit Fit and Astrometric record for 90377.
  2. W.M. Grundy, K.S. Noll og D.C. Stephens (20. juli 2005) «Diverse albedos of small trans-Neptunian objects» – Icarus, s. 184–191.
  3. Radius på 590 km og tettleik på 0,97 gir ein masse på 8,3×1020 kg; radius på 900 km og tettleik på 2,3 gir ein masse på 7,0×1021 kg
  4. http://cfa-www.harvard.edu/press/pr0510.html
  5. Tegler, Stephen C. (26.01.2006). Kuiper Belt Object Magnitudes and Surface Colors.
  6. Horizons Output for Sedna 2076/2114. Horizons
  7. McKee, Maggie (2005). Distant planetoid Sedna gives up more secrets. NewScientist.com news service.
  8. Alexander, Amir (18.04.2005). Sedna: Mysterious Planetoid Slowly Yielding Up Its Secrets. The Planetary Society.
  9. M. A. Barucci, D. P. Cruikshank, E. Dotto, F. Merlin, F. Poulet, C. Dalle Ore, S. Fornasier and C. de Bergh (2005) «Is Sedna another Triton?» – Astronomy & Astrophysics, s. L1-L4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: 90377 Sedna