90482 Orcus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
90482 Orcus
Orcus nasa.jpg
Oppdaging A
Oppdaga av M. Brown
C. Trujillo
D. Rabinowitz
Oppdaga dato 17. februar 2004
Alternative namn B 2004 DW
Kategori Plutino
BaneelementC JPL
Epoke 10. november 1951 (JD 2433960,5)
Aphel (Q) 7226,801 mill. km (48,31 AE)
Perihel (q) 4567,091 mill. km (30,53 AE)
Stor halvakse (a) 5896,946 mill. km (39,419 AE)
Eksentrisitet (e) 0,22552
Omløpsperiode (P) 90396,4 d (247,492 år)
Gjennomsnittleg banefart 4,68 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 79,561°
Banehelling (i) 20,55233°
Lengda til oppstigande knute ) 268,586°
Perihelargument (ω) 73,8325°
Satellittar 1 (92-432 km)
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 946,3+74,1-72,3 km (diameter)[1]
Masse ~7,5×1020 kg
Tettleik ~1,5 g/cm³ (anteke)
Overflategravitasjon ~0,2 m/s²
Unnsleppingsfart ~0,44 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo 19,75+3,40-2,76
Spektralklasse B-F=0,68; F-R=0,37 [2]
Tilsynelatande storleiksklasse 19,11
Absolutt storleiksklasse: 2,3
Overflatetemperatur: ~45 K

90482 Orcus (overgangsnamn 2004 DW) er eit kuiperbelte-objekt (KBO) med ein diameter på rundt 1000 km. Det blei oppdaga av Michael Brown ifrå Caltech, av Chad Trujillo ifrå Gemini Observatory og av David Rabinowitz ifrå Yale-universitet. Oppdagingsbileta av objektet blei tekne 17. februar 2004. Etter oppdaginga blei bilete tekne av objektet funne ifrå so tidleg som 8. november 1951.

Banen[endre | endre wikiteksten]

Orcus er ein typisk plutino (objekt i 2:3 baneresonans med Neptun). Orcus brukar 247 år på eitt krinsløp rundt sola og har ein bane mykje lik den til Pluto, bortsett ifrå han er orientert forskjellig. Sjølv om Orcus på eitt punkt i banen nærmar seg banen til Neptun, syt baneresonansen mellom dei to objekta at dei alltid er stor avstand mellom dei (i tillegg kjem ein vinkelseperasjon på 60°).

Fysiske karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Jorda Dysnomia (136199) Eris Charon (134340) Pluto (136472) 2005 FY9 (136108) 2003 EL61 (90377) Sedna (90482) Orcus (50000) Quaoar (20000) Varuna
Orcus samanlikna med Eris, Pluto, (136472) 2005 FY9, (136108) 2003 EL61, Sedna, Varuna, Quaoar, og jorda.

Den absolutte storleiksklassen til Orcus er på 2,3 (til samanlikning har ein annan KBO, 50000 Quaoar, ein abs. mag. på 2,6). I første kvartal av 2007 blei det gjort kjent at romteleskopet Spitzer hadde fått auga på Orcus i det fjerninfraraude. Observasjonane kunne avgrensa den estimerte diameter til objektet til 946,3+74,1-72,3 km. Orcus ser ut til å ha ein høg albedo på ~20%.

Farge og spektra[endre | endre wikiteksten]

Observasjonar i det infraraude av European Southern Observatory gir resultat som stemmer med blandingar av vassis og karbonhaldige sambindingar. Vidare kan spektra tekne av Gemini-observatoriet stadfesta ein middels vassissignatur; omtrent 15-30%, men ikkje meir enn 50%, av overflata er dekt av vassis. Dette tyder at det på Orcus finst mindre is en det ein finn på plutomånen Charon, men liknandes det ein finn på neptunmånen Triton. Avgrensingar for kor mykje metanis kom ein òg fram til; mindre enn 30 % av overflata er dekt av metan i fast form.

KBOar viser eit breitt utval av fargar og spektra; til og med blant objekt med like baneparameter. Orcus har ein nøytral farge samanlikna med andre raude objekt, som 28978 Ixion.

Satellitt[endre | endre wikiteksten]

Oppdaginga av ein satellitt i bane rundt Orcus blei annonsert i IAUC 8812 22. februar 2007.[3] Banen til månen er enno ikkje kjend. Han blei funne 0,25 bogesekund ifrå Orcus med ein storleiksklasseforskjell på 2,5. Med ein albedo lik Orcus vil han ha ein diameter på ~220 km, noko som er stort samanlikna med Orcus.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]