90 Antiope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
90 Antiope
Oppdaging[1] A
Oppdaga av Robert Luther
Oppdaga dato 1. oktober 1866
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
 (Themis-familien)
BaneelementC JPL[2]
Epoke 18. august 2005
(JD 2453600,5)
Solfjerne (aphel, Q) 545,753 mill. km
3,648 AE
Solnære (perihel, q) 398,502 mill. km
2,664 AE
Stor halvakse (a) 472,128 mill. km
3,156 AE
Eksentrisitet (e) 0,156
Omløpsperiode (P) 2047,856 d (5,61 år)
Gjennomsnittleg banefart 16,66 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 348,378°
Banehelling (i) 2,220°
Lengda til oppstigande knute ) 70,235°
Perihelargument (ω) 242,480°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 93,0×87,0×83,6 km
Masse 8,3×1017 kg
(heile systemet)[3]
~ 4,1−4,2 ×1017 kg (kvar komponent)
Tettleik 1,25 ± 0,05 g/cm³ (kvar komponent)[4]
Overflategravitasjon variabel; ~ 0,03−0,04 m/s²
Unnsleppingsfart variabel; ~ 35−40 m/s
Rotasjonsperiode 0,687 d (16,50 t),[5]
Albedo 0,060[6]
Overflatetemperatur:
   Kelvin
   Celsius
minsnittmaks
~158244
-115-29°
Spektralklasse C[7]
Absolutt storleiksklasse: 8,27 (saman)
9,02 (kvar komponent)

90 Antiope er ein dobbelasteroide i hovudbeltet. Han vart oppdaga 1. oktober 1886 av Robert Luther og er namnsett etter Antiope frå gresk mytologi, men det er usemje om han er namnsett etter amasonen Antiope eller Antiope, mora til Amfion og Zethus.

Antiope går i bane i den ytre tredjedelen av kjerneregionen i hovudbeltet, og er medlem av Themis-familien. Som dei fleste asteroidane i regionen er han ein mørk C-type-asteroide, noko som tyder på ei karbonhaldig samansetning. Den låge tettleiken (1,25 ± 0,05 g/cm³) gjer at ein ser for seg ein porøs lekam (>30%) som vart danna då bitar frå ein tidlegare asteroidekollisjon samla seg.

Ein stjerneokkultasjon av Antiope vart observert 11. juni 1980.

Dobbelasteroiden[endre | endre wikiteksten]

Det mest merkverdige med Antiope er at han består av to nesten like store delar (massedifferansen er på mindre enn 2,5%), noko som gjer han til ein sann dobbelasteroide. Asteroiden sin binære natur vart oppdaga 10. august 2000 av ei gruppe astronomar som nytta seg av adaptiv optikk ved Keck-teleskopetMauna Kea. [8] Asteroide «nummer to» har fått overgangsnamnet S/2000 (90) 1.

Kvar av dei to delane er omtrent 86±1 km på tvers medan sentruma deira er skilde av berre 170 km. Dette gjer at dei to asteroideoverflatene ikkje ligg meir enn omtrent 60 km frå kvarandre. Dei to lekamane går i bane rundt eit felles massesentrum som ligg i rommet mellom dei to. Rotasjonsperioden er på omtrent 16,50 timar, eksentrisiteten under 0,03 (beste estimat på 0,01 ± 0,02).[3] Med årsmellomrom okkulterar dei to asteroidane kvarandre sett i frå jorda.[5] Ved bruk av Kepler si tredje lov kan ein finna massen frå baneperiodane og storleikane til dei to delane.

Baneaksen til dei to asteroidekomponentane peikar mot ekliptikkordinatane (β, λ) = (200°, 38°) ± 2°.[4]

Observasjonar ved hjelp av adaptiv optikk med 8-10-meterteleskop, og fotometriske lyskurveobservasjonar over fleire månader har gitt mogelegheiter for å finna ut av ei rekkje andre fysiske parameter: formene til dei to asteroidekomponentane, overflatespreiing, massetettleik og indre eigenskapar. Formmodellen tilseier at dei to delane ikkje er heilt sfæriske og at dei har eit storleiksforhold på 0,95 (snittradius på 42,9 km).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://cfa-www.harvard.edu/iau/lists/NumberedMPs.html
  2. http://asteroid.lowell.edu]
  3. 3,0 3,1 90 Antiope A & B faktaside på nett, F. marsis
  4. 4,0 4,1 Descamps et al., 2007, Icarus-artikkel publisert april 2007
  5. 5,0 5,1 T. Michałowski (2004). «Eclipsing binary asteroid 90 Antiope». Astronomy & Astrophysics 423: 1159. 
  6. IRAS-småplanetstudie
  7. PDS-spektralklassedata
  8. IAUC 7503

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]