ABM-utvikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ABM-utvikling - statens senter for arkiv, bibliotek og museum var eit norsk statleg senter med ansvar for samordning og utvikling av arkiv, bibliotek og museum. Senteret vart oppretta den 1. januar 2003, ved ei samanslåing av Statens Bibliotektilsyn, Riksbibliotektenesta og Norsk Museumsutvikling. Det vart avvikla i 2010.

ABM-utvikling var organisert under Kyrkje- og kulturdepartementet (KKD), men vart leia av eit eige styre med representantar både frå KKD, Miljøverndepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. ABM-utvikling var organisert med tre avdelingar: Ei utviklingsavdeling, ei administrasjonsavdeling og ei informasjonsavdeling. ABM-utvikling vart leia av direktør Jon Birger Østby, den tidlegare leiaren for Norsk Museumsutvikling. ABM-utvikling var mellom anna ansvarleg for drifta av kulturnett.no og samarbeidsprogrammet Norsk digitalt bibliotek.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]