APA-stil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

APA er ei nemning på eit vidkjend format for forskingsartiklar, særleg innan samfunnsvitskapane. Formatet seier mellom anna korleis overskrifter skal lagast og organiserast, korleis sitat og referansar skal formaterast, og korleis ein skal ordna tabellar, figurar, fotnoter og vedlegg.

APA viser til American Psychological Association, hovudorganisasjonen for akademikarar innan psykologi i USA. Organisasjonen gjev ut The Publication Manual of the American Psychological Association, ei bok på over 400 sider som definerer stilen.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.