APG III-systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå APG III systemet)

APG III-systemet (av engelsk Angiosperm Phylogeny Group III system) for planteklassifisering er den tredje versjonen av eit moderne, hovudsakleg molekyl-basert, system for plantetaksonomi. Det vart gjeve ut av Angiosperm Phylogeny Group i 2009, 6½ år etter at utgjevinga av det tidlegare APG II-systemet.[1][2][3]

I oktober 2009 foreslo medlemmer av Linnean Society i London ein formell fylogenetisk klassifikasjon av alle landplantar, etter APG III-klassifikasjonen.[4] Dette var naudsynt sidan botanikarar og fykologar (algeforskarar) ofte er usamde om kva for taksonomisk rang gruppene blir lagt under.

Det nyare APG IV-systemet kom ut i 2016.

Endringar i høve til APG II[endre | endre wikiteksten]

APG III-systemet inneheld alle 45 ordenar i det førre systemet, med 14 nye lagt til. Ordenen Ceratophyllales var feilaktig oppført som ein ny orden, men den har vore med i begge dei tidlegare APG-systema. Dei 14 nye ordenane i APG III-systemet er:

Amborellales, Nymphaeales, Chloranthales, Petrosaviales, Trochodendrales, Buxales, Vitales, Zygophyllales, Picramniales, Huerteales, Berberidopsidales, Escalloniales, Bruniales og Paracryphiales.

Systemet med alternative «parentes-familiar» er lagt vekk i APG III, ettersom det var lite populært i det tidlegare stsyemet. APG III godtek 415 familiar, 42 færre enn i det førre systemet. 44 av dei 55 «parentes-familiane» vart fjerna. I tillegg vart 18 andre familiar òg tatt ut.

Dei fjerna «parentes-familiane» var:

Illiciaceae, Alliaceae, Agapanthaceae, Agavaceae, Aphyllanthaceae, Hesperocallidaceae, Hyacinthaceae, Laxmanniaceae, Ruscaceae, Themidaceae, Asphodelaceae, Hemerocallidaceae, Kingdoniaceae, Fumariaceae, Pteridophyllaceae, Didymelaceae, Tetracentraceae, Pterostemonaceae, Hypseocharitaceae, Francoaceae, Memecylaceae, Lepuropetalaceae, Rhoipteleaceae, Medusagynaceae, Quiinaceae, Malesherbiaceae, Turneraceae, Bretschneideraceae, Diegodendraceae, Cochlospermaceae, Peganaceae, Tetradiclidaceae, Nyssaceae, Ternstroemiaceae, Pellicieraceae, Aucubaceae, Donatiaceae, Lobeliaceae, Desfontainiaceae, Diervillaceae, Dipsacaceae, Linnaeaceae, Morinaceae og Valerianaceae.

Dei andre familiane som har gått ut er:

Limnocharitaceae, Luzuriagaceae, Sparganiaceae, Ledocarpaceae, Heteropyxidaceae, Psiloxylaceae, Oliniaceae, Rhynchocalycaceae, Parnassiaceae, Maesaceae, Myrsinaceae, Theophrastaceae, Eremosynaceae, Polyosmaceae, Tribelaceae, Aralidiaceae, Mackinlayaceae og Melanophyllaceae.

20 familiar blei tatt inn i APG III-systemet som ikkje hadde vore i det førre systemet og nokre få familiar vart flytte til ein annan stad i systemet. Dei nye godtatte familiane er:

Petermanniaceae, Schoepfiaceae, Limeaceae, Lophiocarpaceae, Montiaceae, Talinaceae, Anacampserotaceae, Centroplacaceae, Calophyllaceae, Guamatelaceae, Gerrardinaceae, Dipentodontaceae, Capparidaceae, Cleomaceae, Cytinaceae, Mitrastemonaceae, Metteniusaceae, Linderniaceae, Thomandersiaceae og Quintiniaceae.

Talet på familiar ikkje plassert i nokon orden blei redusert frå 39 til 10. Apodanthaceae og Cynomoriaceae blei plasserte under angiospermane som incertae sedis, det vil seie ikkje i noko gruppe under angiospermane. Åtte andre familiar blei plaserte incertae sedis i ulike supra-ordinale grupper under angiospermar. Dei uplasserte familiane var:

Apodanthaceae, Cynomoriaceae, Dasypogonaceae, Sabiaceae, Dilleniaceae, Icacinaceae, Metteniusaceae, Oncothecaceae, Vahliaceae og Boraginaceae.

Innplasseringa av familien Icacinaceae er framleis tvilsam. Apodytes, Emmotum, Cassinopsis, og nokre få andre slekter vart mellombels plasserte der inntil vidare studiar kunne avgjera om dei skulle vera der eller ikkje.

Tre slekter (Gumillea, Nicobariodendron og Petenaea) vart plasserte under angiospermane incertae sedis. Gumillea var ikkje plassert i APG II-systemet. Nicobariodendron og Petenaea vart nyleg lagt til lista. Den sistnemnde vart seinare plassert i ein eigen familie, Petenaeaceae, i ordenen Huerteales.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Angiosperm Phylogeny Group (2009), «An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG III», Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 105–121, doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00996.x, arkivert frå originalen 25. mai 2017, henta 2010–12–10 
  2. As easy as APG III - Scientists revise the system of classifying flowering plants, The Linnean Society of London, 8. oktober 2009, henta 29. oktober 2009 
  3. APG III tidies up plant family tree, Horticulture Week, 8. oktober 2009, henta 29. oktober 2009 
  4. Chase, Mark W. & Reveal, James L. (2009), «A phylogenetic classification of the land plants to accompany APG III», Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 122–127, doi:10.1111/j.1095-8339.2009.01002.x 
  5. Christenhusz, M. J. M., M. F. Fay, J. J. Clarkson, P. Gasson, J. Morales Can, J. B. Jimenez Barrios & M. W. Chase (2010). Petenaeaceae, a new angiosperm family in Huerteales with a distant relationship to Gerrardina (Gerrardinaceae), Botanical Journal of the Linnean Society 164: 16-25. http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/j.1095-8339.2010.01074.x/abstract
  6. Christenhusz, M. J. M., M. W. Chase, & M.F.Fay (2011). Preface to "Linear sequence, classification, synonymy, and bibliography of vascular plants: Lycophytes, ferns, gymnosperms and angiosperms", Phytotaxa 19: 4–6. http://www.mapress.com/phytotaxa/content/2011/f/pt00019p006.pdf

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]