ABC-våpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ARBC-våpen)
Gå til: navigering, søk
Symbol for radioaktiv, biologisk og kjemisk fare.

ABC-våpen (eller ARBC-våpen) er eit samleomgrep for kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen, frå engelsk Atom, Biological og Chemical. R, som kan stå for Radiological og viser til våpen som inneheld radioaktive stoff, er nokre gonger teke med i omgrepet. A(R)BC er eit eige militært fagfelt. I Noreg rettar faget seg berre mot tiltak ein set i verk når ein vert angripen med desse stridsmidla.

Felles for desse våpna er at dei er blitt utvikla i moderne tid og kan føra til store øydeleggingar og lidingar. Dei kan ofte råka sivile, men kan òg rettast mot infrastruktur og landbruk. Kjende døme på bruk av ABC-våpen er bruk av fosgen og sennepsgass under første verdskrigen, japansk utvikling og bruk av biologiske våpen av eining 731 mot sivile i Kina under den sino-japanske krigen og andre verdskrigen, og atomvåpen mot Hiroshima og Nagasaki ved slutten av andre verdskrigen.

På engelsk og i NATO har uttrykket NBC, der N står for Nuclear, i stor grad teke over for ABC. Sidan om lag 2000 er også omgrepet masseøydeleggingsvåpen (engelsk Weapons of Mass Destruction, WMD) blitt vanlegare å bruka om slike våpenslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]