A Bigger Bang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Bigger Bang
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 5. september 2005
Innspelt September 2004 til juni 2005
Sjanger Rock
Lengd 64:23
Selskap Virgin
Produsent Don Was og
The Glimmer Twins,
borsett frå «Streets of Love»:
Don Was, Matt Clifford og
The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Live Licks
(2004)
A Bigger Bang Shine a Light
(2008)

A Bigger Bang er det 22. studioalbumet til The Rolling Stones. Det var ein oppfølgjar til Bridges to Babylon 1997, og begge desse, samt Voodoo Lounge frå 1994, vart produsert av Don Was og The Glimmer Twins.

Historie[endre | endre wikiteksten]

A Bigger Bang vart stort sett spelt inn heime hos Mick Jagger i Frankrike, på liknande måte som Exile on Main St. vart spelt inn i heimen til Keith Richards i same land i 1971. Jagger og Richards arbeidde òg på albumet i 2004 med produsent Don Was i heimen til Jagger i Karibia. Charlie Watts slo seg seinare med etter å ha vorte operert for strupekreft. Darryl Jones spelte bass og Chuck Leavell spelte piano på fire spor.

Albumet har ein enklare stil ala Some Girls, med hardare og meir moderne. Mange av songane vart spelt inn med kjernen i bandet, Richards, Jagger og Watts. Ronnie Wood var ikkje med på desse innspelingane og spelte berre på ti av seksten spor.

Dei første rapportane om albumet fortalte at the Stones hadde gått «tilbake til røtene sine» med minimal instrumentering, grov miks og tøff blues og garagerock ala kontemporære grupper som The White Stripes og The Black Keys, noko som viste at the Stones framleis var i kontakt med moderne trendar i rockemusikken.

Albumet fekk god kritikk og vart erklært det beste Rolling Stones-albumet sidan Tattoo You i 1981. Dei fleste albuma til the Stones sidan Steel Wheels i 1989 har derimot fått liknande merknad, og fleire meiner at the Stones enno ikkje har laga eit album dei siste 30 åra som har vore opp mot det beste dei kan.

Den første singelen frå albumet var «Streets of Love» og nådde 15. plass på den britiske singellista, medan A Bigger Bang gjekk inn på andreplass i Storbritannia og i Noreg, og tredjeplass i USA. Som dei første Stones-albuma sidan Tattoo You selde det ikkje all verda og singlane vart heller ikkje store hittar. I 2006 hadde albumet likevel seld 2,4 millionar eksemplar.[1]

I august 2005 la the Rolling Stones ut på A Bigger Bang Tour for å støtte opp om albumet. Det vart halde 90 konsertar i Nord-Amerika, samtlege av dei utselde. Turneen strekte seg inn i 2007 og Europa. Under turneen fall Keith Richards ned frå eit tre på Fiji og dei måtte ta ein pause i turneringa. Turneen enda i august 2007 på O2 Arena i London.

Albumet er det første der Jagger òg spelar bass på nokre spor. Dette kom av at Ronnie Wood ikkje medverka like mykje som tidlegare.

Sjølv før singlane kom ut vart A Bigger Bang kjend for songen «Sweet Neo Con», som var kritisk til både President George W Bush og amerikansk politikk generelt.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards. 

# Tittel Lengd
1. «Rough Justice»   3:13
2. «Let Me Down Slow»   4:15
3. «It Won't Take Long»   3:54
4. «Rain Fall Down»   4:54
5. «Streets of Love»   5:10
6. «Back of My Hand»   3:33
7. «She Saw Me Coming»   3:12
8. «Biggest Mistake»   4:06
9. «This Place Is Empty»   3:17
10. «Oh No, Not You Again»   3:47
11. «Dangerous Beauty»   3:48
12. «Laugh, I Nearly Died»   4:54
13. «Sweet Neo Con»   4:34
14. «Look What the Cat Dragged In»   3:58
15. «Driving Too Fast»   3:57
16. «Infamy»   3:48

Deluxe-utgåva av albumet inneheldt to spor til på ein DVD, «Under the Radar» (4:34) og «Don't Wanna Go Home» (3:33).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]. EMI Annual Report. 31. mars 2006
  2. «Satisfaction Guaranteed». Newsweek. 14. aug. 2005.