A Gift from a Flower to a Garden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Gift from a Flower to a Garden
Studioalbum av Donovan
Utgjeve Desember 1967 (USA)
16. april 1968 (UK)
Sjanger Folkrock, psykedelisk rock
Lengd 59:24
Selskap Pye NPL20000 (monaural) / NSPL 20000 (stereo) (UK)
Epic L2N6071 (monaural) / B2N171 (stereo) (U.S.)
Produsent Mickie Most
Kritikk
Donovan-kronologi
Mellow Yellow
(1967)
A Gift from a Flower to a Garden Donovan in Concert
(1968)

A Gift from a Flower to a Garden er det femte albumet til den skotske visesongaren Donovan, og det første dobbeltalbumet hans i karrieren og ein av dei første plateboksane i rockemusikken. Det kom ut i USA i desember 1967 (Epic Records L2N 6071 (monaural) / B2N 171 (stereo)) og i Storbritannia den 16. april 1968 (Pye Records NPL 20000 (monaural) / NSPL 20000 (stereo)). I desember 1967 gav Epic Records òg dei to albuma frå A Gift from a Flower to a Garden ut som separate album i USA. Den første plata fekk namnet Wear Your Love Like Heaven og den andre For Little Ones.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spelt inn Mellow Yellow fokuserte Donovan på å gje ut hitsinglar. «Epistle to Dippy» nådde Topp 20 i februar 1967 og «There is a Mountain» (#11 US; #8 UK) følgde i august.

Med suksessen som desse singlane gav han, gjekk Donovan i studio i oktober for å spele inn det neste albumet sitt. Dobbeltalbumet bestod av ei side med elektrisk pop (Wear Your Love Like Heaven) og ei anna med akustisk barnemusikk (For Little Ones). Den akustiske plata let Donovan presentere ei side av låtskrivinga si ein ikkje hadde sett på hitsinglane. Det let han òg syne styrken hans som gitarist og artist på ein måte han ikkje kunne med studiomusikarar.

Medan Mickie Most produserte singlane frå albumet («Wear Your Love Like Heaven» med «Oh Gosh»), og er tilskriven som produsent på albumet, er det i røynda Donovan som produserte det meste av songane sjølv.

«Mad John's Escape» er ein song skriven for ein ven av Donovan som rømde frå eit mentalsjukehus. Songen omhandlar rømminga til Mad John og eventyra han opplevde.

«Under the Greenwood Tree» vart opphavleg skriven av William Shakespeare, og sett til musikk av Donovan for Royal National Theatre, som planla å nytte songen i eit teaterstykke. Mot slutten av songen syng Donovan «Will you, won't you... join the dance?» som ein referanse til refrenget i T«he Lobster Quadrille» i kapittel ti i Lewis Carroll-romanen Alice's Adventures in Wonderland.

«Epistle to Derroll» er tileigna banjospelaren og songaren Derroll Adams, som var ei tidleg inspirasjonskjelde for Donovan.

I teksten til plateomslaget skriv Donovan at han ønskte å lage to plate, ein for den noverande generasjonen, og ein for den komande. Han åtvara òg mot dopmisbruk. Fleire av dei tidlegare innspelingane hans hadde både skjulte og openbare referansar til dopbruk (særleg marihuana og LSD, men etter utgjevinga av Mellow Yellow, hadde han både vorte arrestert og dømd for bruk av marihuana, og sett folk han kjende starta nytte hardare narkotika (speed, heroin, kokain), og korleis det øydela liva deira. I staden fremma Donovan meditasjon og andre teknikkar i dei nye songane sine.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Wear Your Love Like Heaven (album 1)[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Wear Your Love Like Heaven»     02:27
2. «Mad John's Escape»     02:20
3. «Skip-a-long Sam»     02:26
4. «Sun»     03:17
5. «There Was a Time»     02:02
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «Oh Gosh»     01:48
7. «Little Boy in Corduroy»     02:34
8. «Under the Greenwood Tree»   tekst av William Shakespeare, musikk av Donovan Leitch 01:58
9. «The Land of Doesn't Have to Be»     02:30
10. «Someone Singing»     03:07

For Little Ones (album 2)[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Song of the Naturalist's Wife»   02:47
2. «The Enchanted Gypsy»   03:21
3. «Voyage into the Golden Screen»   03:15
4. «Isle of Islay»   02:24
5. «The Mandolin Man and His Secret»   03:35
6. «Lay of the Last Tinker»   01:49
Side to
# Tittel Lengd
7. «The Tinker and the Crab»   02:55
8. «Widow with Shawl (A Portrait)»   03:02
9. «The Lullaby of Spring»   03:27
10. «The Magpie»   01:31
11. «Starfish-on-the-Toast»   02:45
12. «Epistle to Derroll»   05:44

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]