A Hard Day’s Night
| «A Hard Day’s Night» Singel av The Beatles frå albumet A Hard Day’s Night |
||
| B-side | «Things We Said Today» (UK) «I Should Have Known Better» (USA) |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 10. juli 1964 | |
| Innspelt | Abbey Road Studios 16. april 1964 |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 2:32 | |
| Selskap | Parlophone R5160 (UK) Capitol 5222 (US) |
|
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
| The Beatles-kronologi | ||
| «Can’t Buy Me Love» (1964) |
«A Hard Day’s Night» | «I Should Have Known Better» (1964) |
«A Hard Day’s Night» er ein song av det britiske bandet The Beatles. Han vart skrive av John Lennon og kreditert til Lennon/McCartney. Songen kom ut som filmmusikken til filmen med same namn i 1964. Han vart seinare gjeve ut som singel med «Things We Said Today» som B-side i Europa og «I Should Have Known Better» i USA.
Songen toppa listene i Storbritannia og USA og fleire veker på topp i begge land, samt ei veke på toppen av VG-lista i Noreg. Songen har ein særeigen og framtredande opningsakkord. Begge stader låg både albumet og singelen på topp samstundes, noko som aldri hadde skjedd tidlegare.[1]
|
It’s been a hard day’s night, John Lennon
|
Songen vart spelt inn i Studio 2 i Abbey Road Studios den 16. april 1964. Songen vart først gjeve ut i USA på albumet den 13. juni 1964. Albumet vart ein hitt og selde over to millionar eksemplar.[2]
«A Hard Day’s Night» var den første Beatles-singelen som vart gjeve ut i Storbritannia utan eit pronomen i tittelen. Her vart songen gjeve ut 10. juli 1964, både på albumet og som singel. I løpet av fjorten dagar hadde albumet seld 1,5 millionar eksemplar i heimlandet. Singelen vart gjeve ut i USA 13. juli med «I Should Have Known Better» som B-side.
Etter at the Beatles hadde spelt på The Ed Sullivan Show då dei først kom til Amerika tidleg i 1964 hadde enkelte amerikanske kritikarar avfeidd dei som ei døgnfluge. «A Hard Day’s Night» viste at kritikarane tok feil og Beatles tok eit enno sterkare grep om musikkverda i 1964.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 153. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[3]
Opningsakkorden[endre]
«A Hard Day’s Night» er gjenkjenneleg alt på opningsakkorden spelt på George Harrison sin Rickenbacker 360/12 12-strengars gitar.[4] I følgje George Martin visste dei at songen skulle opne både albumet og filmen, så dei trengde ein sterk og effektiv introduksjon, og gitarakkorden gav dei nettopp det.[5].
Analysar av akkorden varierer og han har vorte skildra som G7add9sus4,[6] G7sus4,[7][8] eller G11sus4[4] og andre. Den eksakte akkorden er derimot ein Fadd9, stadfesta av Harrison sjølv i 2001, men med ein D på bassen til McCartney.[9]
Andre versjonar[endre]
Av andre artistar som har spelt songen finn mellom anna Peter Sellers og Billy Joel.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «A Hard Day's Night (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dave White. A Hard Day's Night. Vitja 5. oktober 2008.
- ↑ Uncle Joe's Record Guide. Vitja 5. oktober 2008.
- ↑ The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time. Vitja 5. oktober 2008.
- ↑ 4,0 4,1 John Wyse Jackson (2005) We All Want to Change the Word: The Life of John Lennon, s. 112 – Haus. ISBN 190495037X.
- ↑ Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 43 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.
- ↑ Stephen Glynn (2004) A Hard Day's Night: The British Film Guide 10 (Turner Classic Movies British Film Guides), s. 33, 68 – I. B. Tauris. ISBN 1850435871.
- ↑ Rikky Rooksby (2004) Chord Master: How to Choose and Play the Right Guitar Chords, s. 61 – Backbeat Books. ISBN 0879307668.
- ↑ The Beatles A-I, s.126. Hal Leonard. ISBN 0-634-05339-6.
- ↑ Dominic Pedler (2003) The Songwriting Secrets of the Beatles, s. 478-479 – Omnibus Press. ISBN 0711981671.
| Føregjengar «I Love You Because» Jim Reeves |
Toppen av VG-lista 1 veke–veke 32 1964 |
Etterfylgjar «I Won’t Forget You» Jim Reeves |