A Large Ion Collider Experiment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
ALICE-detektor under bygging.

ALICE (A Large Ion Collider Experiment) er eit av seks detektoreksperiment ved Large Hadron Collider ved CERN. ALICE er dedikert til å studere tungionekollisjonar. Bly-bly-kollisjonar blir studerte med ein massesenterenergi på 2,76 TeV per nukleon. Resultatet er at temperaturen og massetettleiken blir så høg at det kan bli skapt eit kvark-gluon-plasma, ein materietilstand der kvarkar og gluon er ubundne.

Inner Tracking System[endre | endre wikiteksten]

Inner Tracking System (Det indre sporingssystemet, ITS) er bygd opp av seks sylindriske lag av silisiumdetektorar. Laga omsluttar kollisjonspunktet og måler eigenskapane til partiklane som kjem frå kollisjonen. ITS kan avgjere posisjonen til partiklane ned til ein brøkdel av ein millimeter. ITS vil identifisere partiklar som inneheld tunge kvarkar ved å finne punktet der dei bryt ned.

Time Projection Chamber[endre | endre wikiteksten]

Time Projection Chamber (Tidsprojeksjonskammeret, TPC) er den viktigaste partikkelsporfinnaren i ALICE. TPC er ein tønneforma detektor med ein radius på 2.5 meter, og ei lengd på 5 meter. Lada partiklar som går gjennom gassen i detektoren vil ionisere gassatoma. Dette frigjer elektron, som så driv mot endeplatene i detektoren. Ein skredeffekt i nærleiken av anodetrådane i utlesningsdelen, vil føre til signalforsterkning. Dei positive iona vil indusere ein straum i eit plan som er bygd opp av om lag 500000 padar. Desse padane les ut signalet, som gir r- og \phi-koordinatane. Den siste koordinaten, z, kjem frå drivetida.

Transition Radiation Detector[endre | endre wikiteksten]

Transition Radiation Detector (TRD) blir brukt til å skilje elektron og positron frå andre partiklar, ved å bruke stråling som blir sendt ut når partiklane går gjennom mange lang tynt materiale.

Time Of Flight[endre | endre wikiteksten]

Time Of Flight-detektoren (TOF) brukar flygetida til partiklane for å identifisere dei. Tunge partiklar går saktare, og brukar difor lenger tid enn lette partiklar til å nå TOF. Dette kan brukast til å skilje dei frå kvarandre.

Photon Spectrometer[endre | endre wikiteksten]

Photon Spectrometer (PHOS) er eit av to elektromagnetiske kalorimeter i ALICE. PHOS kan måle temperaturen av kollisjonane ved å måle fotona som kjem frå dei.

Electro-Magnetic Calorimeter[endre | endre wikiteksten]

Electro-Magnetic Calorimeter (Em-Cal) er eit av to elektromagnetiske kalorimeter i ALICE.

Muon Spectrometer[endre | endre wikiteksten]

Muon Spectrometer måler myon-par, spesielt dei som kjem frå nedbryting av J/ψ- og Ypsilon-partiklar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]