A Passion Play

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Passion Play
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 13. juli 1973 (Storbritannia) og 23. juli 1973 (USA)
Innspelt Mars 1973
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 45:05
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson, Terry Ellis
Jethro Tull-kronologi 
Living in the Past
(1972)
A Passion Play War Child
(1974)


Singlar frå
A Passion Play
  1. «A Passion Play [Edit #8]»
    Utgjeve: 1973
  2. «A Passion Play [Edit #6]»
    Utgjeve: 1973

A Passion Play er det sjette studioalbumet til Jethro Tull, og kom ut i juli 1973. Som føregangaren Thick as a Brick er dette eit konseptalbum med berre ein enkelt song (som var delt i to på den originale vinyl-utgåva). Temaet i konseptet er visstnok den andelege reisa til ein mann (Ronnie Pilgrim) i livet etter døden. Under turneen etter albumet vart det nytta tre videoar: ein for introen av «skodespelet», ein andre for «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles», og eit siste, kort segment som avslutta akta. Ingen andre turnear hadde så utarbeidd sceneproduksjon som denne.[2]

Då albumet kom ut fekk det generelt dårleg kritikk, men det selde likevel godt og nådde førsteplassen på albumlista i USA.[3] I Storbritannia nådde det berre 13. plassen.[4]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av A Passion Play kom i gang då bandet avgjorde å flytte til Frankrike, i studioet Château d'Hérouville, der kjende 70-talsartistar som Pink Floyd, Elton John og T. Rex òg hadde spelt inn musikk. Årsaka var å unngå dei høge, britiske skattane. Den opphavlege ideen var å skape eit dobbeltalbum, det logiske steget vidare etter Thick as a Brick. Konseptet varierte frå meininga med livet («Skating Away»), kritikarar («Critique Oblique») og samanlikningar mellom mennesket og dyreverda(«Animelee» og «Law of the Bungle»). Sjølv om det vart spelt inn nok songar til å fylle tre sider av det planlagde dobbeltalbumet, førte problem i studio og ubehag hos bandmedlemmane til at Ian Anderson kasta alle songane og byrja frå byrjinga att.[2]

Berre få av materialet vart nytta om att på A Passion Play, med unntak av «Critique Oblique», som vart tilpassa ti det nye konseptet. Somme av songane dukka sidan opp på albumet War Child, som Skating Away» og «Only Solitaire.»

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

A Passion Play gjekk vidare inn i progressiv rock-sjangeren der heile bandet spelte ei rekkje forskjellige instrument. Den talte historia «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles» har visse musikalske likskapar med Prokofiev sin Peter and the Wolf.[2] Bruce Eder skildra synginga til Anderson som bibelsk-aktige referansar blanda med moderne språk, som ein slags rockens svar på T.S. Eliot sitt The Waste Land og musikk skildra som «ein blendande miks av gammal engelsk folkemusikk og klassisk materiale, omforma til elektrisk rock.»[5]

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Bakgrun[endre | endre wikiteksten]

A Passion Play låner tittelen frå ein tradisjonell type skodespel skildra som Kristi liding, eller «passion» på engelsk, sjølv om tittelen opplagt er ironisk, sidan albumet albumet først ser ut til å presentere eit generelt kristent syn på etterlivet, men avviser så dei kristne teologiske konklusjonane.[6] A Passion Play er skildra i oplateomslaget som om det var eit skodespel i fire aktar. På dette albumet «er tekstane i seg sjølv ekstremt komplekse, soga er ofte uklår, og mykje av det er opp til kvar og ein si tolking.»[6] Kjennskap til rollefigurane og settinga kjem lite frå musikken sjølv og meir frå dei få orda i «programmet» i omslaget. Her står Rena Sanderone (eit anagram av «Eean Anderrson») som forfattar av A Passion Play.[7] Det er mogeleg få å eit biletet av plottet basert på tekstane, plateomslaget og «teaterprogrammet» og det er sentrert kring ein mann i gata, Ronnie Pilgrim. Namnet hans står berre i programmet.

Samandrag[endre | endre wikiteksten]

I akt 1 respekterer Ronnie Pilgrim, i andeleg form, at han er død, og vitjar si eiga gravferd før han kryssar ein skjærseld-liknande ørken og «islagt øydemark», der han vert vitja av ein smilande engel. I akt to vert Pilgrim ført inn i eit videorom av Peter Dejour, og han får sjå hendingar frå livet sitt føre ein dømmande jury.[8] Etter ein lang og bisarr evalueringsprosess, konkluderer den spottande juryen med at dei ikkje kjem til å «krysse han ut», og meiner at han har levd eit sømmeleg liv og kan sleppast inn i Himmelen, som skjer samstundes med ein brå start på den lystige melodien «Forest Dance».

Her vert hovudplottet avbrote av eit komisk mellomspel, som ikkje har noko med resten av handlinga å gjere, «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles». Denne vert fortalt av Jeffrey Hammond med overdriven Lancashire-aksent) akkompagnert av instrument. Soga vert presentert som ein absurd fabel med mange ordspel om ei gruppe menneskeliknande dyr som skal hjelpe ein hare med å finne brillene sine.[9]

Melodien «Forest Dance» held så fram i akt 3 og Ronnie Pilgrim verkar no å vere i Himmelen, to dagar etter dommen i videorommet. Pilgrim verkar misnøgd med Himmelen og den kvardagslege atmosfæren der, der dei fleste innbyggjarane er endelaust oppteken av dei levande. Pilgrim går derfor til G. Oddie & Son for å be om ei overflytting til Helvete, og meiner at han har «rett til å ta feil».[9] På veg ned i Helvete vert Pilgrim møtt av Lucifer (kalla «Lucy» i programmet), som hevdar seg som «tilsynsføraren» til Pilgrim.

I akt 4 finn Pilgrim Helvete enno verre enn Himmelen og rømmer, og ser på seg sjølv som verken heilt god eller heilt vond, og ønskjer at han kunne byte ut «haloen med eit horn og hornet med ein hatt han ein gong hadde». Han talar med ein Magus Perdé om dilemmaet sitt og etter å ha testa ut og avvist begge yttergrensene i etterlivet, står han ved ei stygisk breidd som ein «reisande inn i livet». På denne stranda står òg andre menneske og dy klare til å «fornye løftet om livets lange song», og impliserer evig reinkarnasjon.[10]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Melody Makernegativ[11]
New Musical Expressnegativ[12]
Rolling Stonenegativ[13]
Creemmiddels[14]

Albumet fekk dårleg kritikk då det kom ut. Rolling Stone var særleg hard og sa at albumet var «ein pop-potpurri av Paradise Lost og Ole Brumm, blant mange litterære kjelder, for ikkje å gløyme dei mange musikalske ideane som kjem heilt frå Purcell, flamenco og moderne jazz», og avsutta med at albumet var eit «dyrt, langtekkeleg visvas».[15] New Musical Express meinte albumet var «fallet» til Jethro Tull.[16] Sjølv Chris Welch i Melody Maker hadde eit dårleg inntrykk og skreiv at «Musikk må røre sjela eins. A Passion Play raslar med tomheit».[17] Lester Bangs skreiv for Creem Magazine at han vart «fullstendig forvirra» då han hadde lytta gjennom albumet. Bangs skreiv: «Eg likte det nesten, sjølv om det å eit vis irriterte meg. Kankje eg likar det fordi det irriterer meg. Men det er mitt problem».[14]

Trass i meldingane, selde A Passion Play godt nok til å nå toppen av albumlista i både USA og Canada.[3]Albumet selde òg godt i Tyskland og Noreg, der det nådde femteplassen. I Storbritannia nådde det berre 13. plassen.[4] Plateboksen A Passion Play: an Extended Performance frå 2013, nådde 48. plassen på Top Rock Albums-lista i USA.[18]

A Passion Play var inkludert på lista Dei 100 beste prog-albuma gjennom tidene av ProgMagazine på ein 49. plass.[19]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Manageren til Jethro Tull, Terry Ellis, annonserte i Melody Maker at bandet kom til å slutte å halde konsertar på grunn av den negative kritikken. Det var berre eit marknadsføringsstunt som bandet ikkje kjende til. Anderson meinte det fekk dei til å sjå vrange ut og gav dei feil type publisitet.[20][21]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på CD og seinare, i mars 1998 gav Mobile Fidelity Sound Lab ut ein CD med indekserte spor, og i 2003 ein ommastra versjon med eit videospor som bonus.[1] Gull-CD-utgåva inneheld òg eit ekstra vers som ikkje er på originalen av «The Foot Of Our Stairs».

I høve 40-årsjubileet til albumet kom det ut ein boks i 2014 (litt forseinka) kalla A Passion Play: An Extended Performance, som inneheld heile Chateau d’Herouville-innspelinga og ein heilt ny miks av Steven Wilson. DVD-en inneheld videoklipp av introfilmen og «The Hare Who Lost His Spectacles» som vart spelt under konsertane. Platene vart pakkka i ein boks i lag med ei bok med intervju med Wilson og andre folk knytt til albumet.[22]

Chateau D’Isaster-innspelingane[endre | endre wikiteksten]

Innspelingane frå Chateau d’Herouville vart kalla Chateau D’Isaster og kom først ut i 1988 på samleplata 20 Years of Jethro Tull og igjen i 1993 på samleplata Nightcap: The Unreleased Masters 1973–1991. Den sistnemnde utgåva hadde ekstra fløytesoloar av Anderson på nesten alle spora.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1973 original release[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«A Passion Play, Part I
Akt 1
  • I. «Lifebeats» (instrumental) – 1:14
  • II. «Prelude» (instrumental) – 2:14
  • III. «The Silver Cord» – 4:29
  • IV. «Re-Assuring Tune» (instrumental) – 1:11
Akt 2
  • V. «Memory Bank» – 4:20
  • VI. «Best Friends» – 1:58
  • VII. «Critique Oblique» – 4:38
  • VIII. «Forest Dance #1» (instrumental) – 1:35»
21:35
Side to
Nr.TittelLengd
2.«A Passion Play, Part II
Akt 3
  • X. «Forest Dance #2» (instrumental) – 1:12
  • XI. «The Foot of Our Stairs» – 4:18
  • XII. «Overser Overture» – 4:00
Akt 4
  • XIII. «Flight from Lucifer» – 3:58
  • XIV. «10:08 to Paddington» (instrumental) – 1:04
  • XV. «Magus Perdé» – 3:55
  • XVI. «Epilogue» – 0:43»
23:30
Gull CD-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Lifebeats»1:14
2.«Prelude»2:14
3.«The Silver Cord»4:29
4.«Re-Assuring Tune»1:11
5.«Memory Bank»4:20
6.«Best Friends»1:58
7.«Critique Oblique»4:38
8.«Forest Dance No. 1»1:35
9.«The Story of the Hare Who Lost His Spectacles»4:18
10.«Forest Dance No. 2»1:12
11.«The Foot of Our Stairs»4:18
12.«Overseer Overture»4:00
13.«Flight from Lucifer»3:58
14.«10:08 to Paddington»1:04
15.«Magus Perdé»3:55
16.«Epilogue»0:43
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelMerknadLengd
1.«The Story of the Hare Who Lost His Spectacles»Ein 7 minuttar lang QuickTime 
CD 1: Steven Wilson-miksen av albumet
Nr.TittelLengd
1.«Lifebeats / Prelude»3:24
2.«The Silver Cord»4:28
3.«Re-Assuring Tune»1:11
4.«Memory Bank»4:20
5.«Best Friends»1:56
6.«Critique Oblique»4:35
7.«Forest Dance #1»1:34
8.«The Story of the Hare Who Lost His Spectacles»4:10
9.«Forest Dance #2»1:12
10.«The Foot of Our Stairs»5:08
11.«Overseer Overture»3:58
12.«Flight from Lucifer»3:56
13.«10:08 to Paddington»1:04
14.«Magus Perdé»3:53
15.«Epilogue»0:44
CD 2: Steven Wilson-miksen av The Château d'Hérouville-innspelingane
Nr.TittelLengd
1.«The Big Top»3:05
2.«Scenario»3:25
3.«Audition»2:33
4.«Skating Away on the Thin Ice of the New Day»3:27
5.«Sailor»3:10
6.«No Rehearsal»5:09
7.«Left Right»5:02
8.«Only Solitaire»1:28
9.«Critique Oblique (Part I)»8:50
10.«Critique Oblique (Part II)»5:28
11.«Animelee (1st Dance)»3:36
12.«Animelee (2nd Dance)»1:34
13.«Law of the Bungle (Part I)»5:08
14.«Tiger Toon»2:31
15.«Law of the Bungle (Part II)»5:28
DVD 1: Steven Wilson 5.1 kringlyd, stereomiks og flat overføring av originalmiksen og videoklipp
Nr.TittelLengd
1.«Lifebeats / Prelude» (5.1 Surround Mix)3:24
2.«The Silver Cord» (5.1 Surround Mix)4:28
3.«Re-Assuring Tune» (5.1 Surround Mix)1:11
4.«Memory Bank» (5.1 Surround Mix)4:20
5.«Best Friends» (5.1 Surround Mix)1:56
6.«Critique Oblique» (5.1 Surround Mix)4:35
7.«Forest Dance #1» (5.1 Surround Mix)1:34
8.«The Story of the Hare Who Lost His Spectacles» (5.1 Surround Mix)4:10
9.«Forest Dance #2» (5.1 Surround Mix)1:12
10.«The Foot of Our Stairs» (5.1 Surround Mix)5:08
11.«Overseer Overture» (5.1 Surround Mix)3:58
12.«Flight from Lucifer» (5.1 Surround Mix)3:56
13.«10:08 to Paddington» (5.1 Surround Mix)1:04
14.«Magus Perdé» (5.1 Surround Mix)3:53
15.«Epilogue» (5.1 Surround Mix)0:44
16.«Lifebeats / Prelude» (2014 Stereo Mix)3:24
17.«The Silver Cord» (2014 Stereo Mix)4:28
18.«Re-Assuring Tune» (2014 Stereo Mix)1:11
19.«Memory Bank» (2014 Stereo Mix)4:20
20.«Best Friends» (2014 Stereo Mix)1:56
21.«Critique Oblique» (2014 Stereo Mix)4:35
22.«Forest Dance #1» (2014 Stereo Mix)1:34
23.«The Story of the Hare Who Lost His Spectacles» (2014 Stereo Mix)4:10
24.«Forest Dance #2» (2014 Stereo Mix)1:12
25.«The Foot of Our Stairs» (2014 Stereo Mix)5:08
26.«Overseer Overture» (2014 Stereo Mix)3:58
27.«Flight from Lucifer» (2014 Stereo Mix)3:56
28.«10:08 to Paddington» (2014 Stereo Mix)1:04
29.«Magus Perdé» (2014 Stereo Mix)3:53
30.«Epilogue» (2014 Stereo Mix)0:44
31.«Lifebeats / Prelude» (Original Stereo Mix)3:24
32.«The Silver Cord» (Original Stereo Mix)4:28
33.«Re-Assuring Tune» (Original Stereo Mix)1:11
34.«Memory Bank» (Original Stereo Mix)4:20
35.«Best Friends» (Original Stereo Mix)1:56
36.«Critique Oblique» (Original Stereo Mix)4:35
37.«Forest Dance #1» (Original Stereo Mix)1:34
38.«The Story of the Hare Who Lost His Spectacles» (Original Stereo Mix)4:10
39.«Forest Dance #2» (Original Stereo Mix)1:12
40.«The Foot of Our Stairs» (Original Stereo Mix)5:08
41.«Overseer Overture» (Original Stereo Mix)3:58
42.«Flight from Lucifer» (Original Stereo Mix)3:56
43.«10:08 to Paddington» (Original Stereo Mix)1:04
44.«Magus Perdé» (Original Stereo Mix)3:53
45.«Epilogue» (Original Stereo Mix)0:44
46.«The Story of the Hare Who Lost His Spectacles video clip from the 1973 tour» 
47.«Intro and outro video clip from the 1973 tour» 
DVD 2: Steven Wilson 5.1 kringlyd- og stereomiks av The Château d'Hérouville-innspelingane
Nr.TittelLengd
1.«The Big Top» (5.1 Surround Mix)3:05
2.«Scenario» (5.1 Surround Mix)3:25
3.«Audition» (5.1 Surround Mix)2:33
4.«Skating Away on the Thin Ice of the New Day» (5.1 Surround Mix)3:27
5.«Sailor» (5.1 Surround Mix)3:10
6.«No Rehearsal» (5.1 Surround Mix)5:09
7.«Left Right» (5.1 Surround Mix)5:02
8.«Only Solitaire» (5.1 Surround Mix)1:28
9.«Critique Oblique (Part I)» (5.1 Surround Mix)8:50
10.«Critique Oblique (Part II)» (5.1 Surround Mix)5:28
11.«Animelee (1st Dance)» (5.1 Surround Mix)3:36
12.«Animelee (2nd Dance)» (5.1 Surround Mix)1:34
13.«Law of the Bungle (Part I)» (5.1 Surround Mix)5:08
14.«Tiger Toon» (5.1 Surround Mix)2:31
15.«Law of the Bungle (Part II)» (5.1 Surround Mix)5:28
16.«The Big Top» (2014 Stereo Mix)3:05
17.«Scenario» (2014 Stereo Mix)3:25
18.«Audition» (2014 Stereo Mix)2:33
19.«Skating Away on the Thin Ice of the New Day» (2014 Stereo Mix)3:27
20.«Sailor» (2014 Stereo Mix)3:10
21.«No Rehearsal» (2014 Stereo Mix)5:09
22.«Left Right» (2014 Stereo Mix)5:02
23.«Only Solitaire» (2014 Stereo Mix)1:28
24.«Critique Oblique (Part I)» (2014 Stereo Mix)8:50
25.«Critique Oblique (Part II)» (2014 Stereo Mix)5:28
26.«Animelee (1st Dance)» (2014 Stereo Mix)3:36
27.«Animelee (2nd Dance)» (2014 Stereo Mix)1:34
28.«Law of the Bungle (Part I)» (2014 Stereo Mix)5:08
29.«Tiger Toon» (2014 Stereo Mix)2:31
30.«Law of the Bungle (Part II)» (2014 Stereo Mix)5:28

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1973 Billboard Pop Albums 1[3]
1973 UK album charts 16[4]
1973 Den danske albumlista 4[23]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. A Passion PlayAllmusic. Henta 7. mai 2019.
  2. 2,0 2,1 2,2 «A Passion Play». Jethrotull.com. 6. juli 1973. Henta 7. mai 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Billboard liste info A Passion PlayAllmusic. Henta 15. september 2012.
  4. 4,0 4,1 4,2 «UK chart history of Jethro Tull A Passion Play». Chartstats.com. Henta 7. mai 2019. 
  5. Eder, Bruce. «Jethro Tull - A Passion Play (1973) album review, credits & releases». AllMusic. Henta 7. mai 2019. 
  6. 6,0 6,1 «The core narrative of Jethro Tull's 'A Passion Play' explained at the Ministry Of Information». Neil Thomason (NRT). 2003. Henta 7. mai 2019. 
  7. «A Passion Play – Linwell Theatre Program». J-tull.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2010. Henta 7. mai 2019. 
  8. Voorbij, Jan (2009). An introduction to «A Passion Play» at www.CupOfWonder.com, arkivert frå originalen 30. juni 2016, henta 7. mai 2019 
  9. 9,0 9,1 Smolko, Tim (2013). Jethro Tull's Thick as a Brick and A Passion Play: Inside Two Long Songs. Indiana University Press. s. 126-127
  10. «Jethro Tull Tour History, annotated Passion Play and blog, at the Ministry Of Information». Ministry-of-information.co.uk. Henta 7. mai 2019. 
  11. Welch, Chris (21. juli 1973). A Passion Play Arkivert 3. mars 2016 ved Wayback Machine., Melody Maker
  12. Clarke, Steve (21. juli 1973). A Passion Play Arkivert 3. mars 2016 ved Wayback Machine., New Musical Express
  13. Holden, Stephen (30. august 1973). A Passion Play Arkivert 3. mars 2016 ved Wayback Machine., Rolling Stone
  14. 14,0 14,1 «Jethro Tull Press: Creem, May 1973». Tullpress.com. Henta 7. mai 2019. 
  15. «Jethro Tull Press: Rolling Stone, 30. august 1973». Tullpress.com. 30. august 1973. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 7. mai 2019. 
  16. «Jethro Tull Press: NME, 21. juli 1973». Tullpress.com. 21. juli 1973. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 7. mai 2019. 
  17. «Jethro Tull Press: Melody Maker, 21. juli 1973». Tullpress.com. 21. juli 1973. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 7. mai 2019. 
  18. Jethro Tull - A Passion Play (1973) album awards at AllMusic.com
  19. ProgMagazine - The 100 Greatest Prog Albums of All Time: 60-41 (Prog.TeamRock.com)
  20. «Melody Maker». tullpress.com. 25. august 1973. Henta 7. mai 2019. 
  21. «Press». Jethrotull.com. Henta 7. mai 2019. 
  22. «Jethro Tull's Passion Play gets extended edition - Prog». Prog.teamrock.com. Henta 7. mai 2019. 
  23. Den danske albumlista at DanskeHitLister.dk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]