A Quick One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Quick One
Studioalbum av The Who
Språk engelsk
Utgjeve 9. desember 1966 (Storbritannia)
April 1967 (USA)
Innspelt September – November 1966
Studio IBC Studios, Regent Sound Studios i London,
og Pye Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 31:48 (Storbritannia)
32:18 (USA)
Selskap Reaction/Polydor (Storbritannia)
Decca, MCA (USA)
Produsent Kit Lambert
Britisk The Who-kronologi 
Ready Steady Who
(1966)
A Quick One The Who Sell Out
(1967)
Amerikansk The Who-kronologi
The Who Sings My Generation
(1966)
A Quick One The Who Sell Out
(1968)
Singlar frå A Quick One
  1. ««Happy Jack»»
    Utgjeve: 2. desember 1966
  2. ««Boris the Spider»»
    Utgjeve: 1967

A Quick One er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet The Who, utgjeve den 9. desember 1966. Det amerikanske plateselskapet deira, Decca Records, gav ut albumet med tittelen Happy Jack, i staden for den seksuelt ladde tittelen på den britiske utgåva. Singelen «Happy Jack» nådde topp 40 i USA. Denne songen var ikkje med på den britiske utgåva av albumet, men vart i staden gjeven ut som singel.

Tilhengjarane til The Who reknar albumet som særs viktig for bandet, sidan dei gjekk bort frå R&B/pop-formatet frå det første albumet. Albumet endar med ein kort musikalsk suite «A Quick One, While He's Away», som fungerte som inspirasjon for dei seinare rockeoperaene som The Who vart kjende for.

Komposisjon og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Det andre studioalbumet til The Who skil seg frå R&B-stilen på det første albumet. Ein del av marknadsføringa av albumet var eit krav om at kvart bandmedlem skulle skrive minst to songar kvar, sjølv om Roger Daltrey berre skreiv ein («See My Way»). Så dette albumet er det av The Who sine album som er minst dominert av låtskrivinga til Pete Townshend. Det vart spelt inn i IBC Studios, Pye Studios og Regent Sound i London i 1966 med plateprodusenten Kit Lambert. Townshend sa at presset om at alle i bandet skulle skrive songar førte til at singlar han hadde skrivne vart utelate.[1]

«Boris the Spider» vart skriven etter John Entwistle hadde vore ute på fylla med The Rolling Stones-bassisten Bill Wyman. Dei kom opp med morosame namn på dyr, då Entwistle kom opp med songen. «Boris the Spider» vart raskt den mest populære songen til Entwistle, og vart framført fleire tiår seinare. I seinare år gjekk han ofte med eit edderkoppsmykke.

«Heat Wave» var den einaste coververjonen dei spelte på albumet og synte soulpåverknaden til bandet. Det var ein song av Holland–Dozier–Holland og vart erstatta av «Happy Jack» på en originale amerikanske utgåva, men gjeven ut på den doble nyutgjevinga av A Quick One og The Who Sell Out i 1974.

«A Quick One, While He's Away», tittelsporet på albumet, er ein ni minuttar lang song med klipp frå ei soge om utruskap og forsoning. Det var første gongen dei laga eit musikkstykke på forma som førte til «[[rockopera]ene]» Tommy og Quadrophenia.

Keith Moon sin «I Need You» heitte opphavleg «I Need You (Like I Need a Hole in the Head)». Moon meinte at The Beatles talte eit løynd språk bak ryggen hans og denne songen var ein slags hemn mot dei. Sjølv om Moon nekta for at vokalen i ein del av songen var ein imitasjon av John Lennon kunne Entwistle stadfeste at det nettopp var det.[2]

«Cobwebs and Strange» heitte opphavleg «Showbiz Sonata», men Entwistle hevda at melodien kom frå den britiske fjernsynsserien Man From Interpol.[2]

Mod-/popsongen «So Sad About Us» er i følgje AllMusic ein av dei mest innspelte songane til The Who.[3] The Merseys, Shaun Cassidy, Primal Scream, The Breeders og The Jam har alle spelt inn studioversjonar.

Kvart bandmedlem spelar eit blåseinstrument på «Cobwebs and Strange»: Townshend spelte ei tinnfløyte, Entwistle trompet, Daltrey trombone og Moon tuba.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Omslaget vart teikna av popkunstnaren Alan Aldridge,[4] og synte bandet som spelte på instrumenta sine. Baksida bestod av fleire svartkvitbilete av bandmedlemmene og ei kort skildring av personlegdomen til kvar av dei. Keith Moon fortel mellom anna spøkefullt at han likte godt å avle høner.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[5]
MusicHound Rock3.5/5[6]
Q4/5 stars[7]
Rolling Stone4/5 stars[8]
The Daily VaultB+[9]

Rolling Stone-skribenten Steve Appleford sa at den lystige popstilen på albumet har ein autentisk kvalitet med bagatellar som «Cobwebs and Strange» som vert vegd opp av «absolutt perfekte, gripande popmelodiar» som «So Sad About Us».[8] Albumet vart seinare skildra som «fascinerande rart» av det same magasinet.[10] I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) tok Robert Christgau med den amerikanske utgåva av albumet med i si «grunnleggjande platesamling».[11] Rolling Stone rangerte albumet på 383. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003,[12] og 384. plassen i 2012.[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

A Quick One[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Run Run Run»Pete TownshendRoger Daltrey2:44
2.«Boris the Spider»John EntwistleJohn Entwistle2:29
3.«I Need You»Keith MoonKeith Moon2:25
4.«Whiskey Man»EntwistleEntwistle2:57
5.«Heat Wave»Daltrey, med Pete Townshend1:57
6.«Cobwebs and Strange»Mooninstrumental2:31
Total lengd:15:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Don't Look Away»TownshendDaltrey2:54
2.«See My Way»Roger DaltreyDaltrey1:53
3.«So Sad About Us»TownshendDaltrey3:04
4.«A Quick One, While He's Away» (
  • «Her Man's Been Gone»
  • «Crying Town»
  • «We Have a Remedy»
  • «Ivor the Engine Driver»
  • «Soon Be Home»
  • «You Are Forgiven»
)
TownshendDaltrey, Entwistle and Townshend9:10
Total lengd:17:01
Bonusspor på 1995-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OriginalutgåveLengd
11.«Batman»Neal HeftiReady Steady Who1:37
12.«Bucket T»Dean Torrence, Roger Christian, Donald J. Altfeld, Jan BerryReady Steady Who2:12
13.«Barbara Ann»Fred FassertReady Steady Who2:12
14.«Disguises»TownshendReady Steady Who3:12
15.«Doctor, Doctor»EntwistleB-side av 'Pictures of Lily'2:59
16.«I've Been Away»EntwistleB-side av 'Happy Jack'2:08
17.«In the City»Entwistle, MoonB-side av 'I'm a Boy'2:21
18.«Happy Jack» (akustisk versjon)Townshendikkje tidlegare utgjeven2:55
19.«Man with Money»Don Everly, Phil Everlyikkje tidlegare utgjeven2:45
20.«My Generation / Land of Hope and Glory»Townshend, Edward Elgarikkje tidlegare utgjeven2:05
Total lengd:24:26

Happy Jack[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Run Run Run»2:44
2.«Boris the Spider»2:30
3.«I Need You»2:25
4.«Whiskey Man»2:57
5.«Cobwebs and Strange»2:31
6.«Happy Jack»2:11
Total lengd:15:18
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Don't Look Away»2:53
2.«See My Way»1:53
3.«So Sad About Us»3:04
4.«A Quick One, While He's Away»9:10
Total lengd:17:00
Nyutgjeving frå 1974
Nr.TittelLengd
1.«Run Run Run» 
2.«Boris the Spider» 
3.«I Need You» 
4.«Whiskey Man» 
5.«Heat Wave» 
6.«Cobwebs and Strange» 
7.«Don't Look Away» 
8.«See My Way» 
9.«So Sad About Us» 
10.«A Quick One, While He's Away» 
11.«Happy Jack» 
Total lengd:34:15

Jigsaw Puzzle[endre | endre wikiteksten]

Ei tidleg utgåve av det andre albumet til The Who skulle få tittelen Jigsaw Puzzle.[2] Det planlagde innehaldet var som følgjer:

Nr.TittelLengd
1.«I'm a Boy» (langsam versjon, gjeven ut på Meaty Beaty Big and Bouncy)3:41
2.«Run Run Run»2:44
3.«Don't Look Away»2:55
4.«Circles» (versjon 2)2:27
5.«I Need You»2:25
6.«Cobwebs and Strange»2:32
7.«In the City»2:21
8.«Boris the Spider»2:29
9.«Whiskey Man»3:00
10.«See My Way»3:04
11.«Heat Wave»1:57
12.«Barbara Ann»2:00
Total lengd:31:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Roger Daltrey – solovokal, trombone på «Cobwebs and Strange»
  • Pete Townshend – gitar, korvokal, felles solovokal på «A Quick One, While He's Away», tinnfløyte på «Cobwebs and Strange»
  • John Entwistle – bass, korvokal, solovokal på «Boris the Spider», «Whiskey Man» og felles solovokal på «A Quick One, While He’s Away», valthorn, trompet på «Cobwebs and Strange»
  • Keith Moon – trommer, solovokal på «I Need You», tuba på «Cobwebs and Strange»
Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1966 UK Chart Albums 4[14]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1967 «Happy Jack» Billboard Pop Singles 24[15]
1966 «Happy Jack» UK Singles Charts 3[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Townshend, Pete (2012). Who I Am. HarperCollins. s. 93–4. ISBN 978-0062127242. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «The Hypertext Who – Liner Notes – A Quick One». Thewho.net. Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 21. september 2019. 
  3. http://www.allmusic.com/song/t3563653
  4. Plateomslaget til CD-utgåva
  5. AllMusic review
  6. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2. 
  7. Q (London) (September): 140. 1995. 
  8. 8,0 8,1 Appleford, Steve (1995). «A Quick One (Happy Jack) Album Review». Rolling Stone (New York) (5. oktober). Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta 13. september 2019. 
  9. Thelen, Christopher (2019). «The Daily Vault Music Reviews : A Quick One». dailyvault.com. Henta 21. september 2019. 
  10. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 7. april 2018. Henta 7. april 2018. 
  11. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: W». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 9. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  12. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. november 2016. Henta 25. november 2016. 
  13. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone’s definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 5. september 2019. 
  14. 14,0 14,1 «The Who at». Chartstats.com. Arkivert frå originalen 23. juli 2012. Henta 21. september 2019. 
  15. «The Who Official Band Website – Roger Daltrey, Pete Townshend, John Entwistle, and Keith Moon , , A Quick One». Thewho.com. Henta 21. september 2019.