A Quick One, While He’s Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Quick One, While He's Away
Song av The Who
frå albumet A Quick One
Utgjeve 9. desember 1966
Innspelt Tidleg november 1966
Sjanger Proto-prog[1]
Lengd 9:10
Selskap Reaction Records (Storbritannia)
Decca Records
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert

Her man's been gone
For nearly a year
He was due home yesterday
But he ain't here

Pete Townshend

«A Quick One, While He’s Away» er eit musikkstykke skrive av Pete Townshend og spelt inn av The Who for albumet deira A Quick One i 1966. Songen finst òg på albumet BBC Sessions. Før framføringa av songen på Live at Leeds kalla Townshend det ni minuttar lange sporet for ein «miniopera» og introduserer han som forfaderen til Tommy. Songen fortel ei soge om ei jente som har sete aleine i nesten eitt år, medan kjærasten hennar er på reis. Ein ven fortel ho om at dei «finst ein kur», som kjem i form av Ivor the Engine Driver. Når kjærasten hennar kjem tilbake innrømmer jenta utruskapen, men vert til slutt tilgjeven.

Songen har seks forskjellige seksjonar. Ein kort a cappella-intro med harmonivokal heiter «Her Man’s Been Gone». «Crying Town»-seksjonen vert sungen av Roger Daltrey i eit utypisk lågt register. Daltrey syng òg «We Have A Remedy» i det meir vanlege stemmeleiet sitt. John Entwistle spelar «Ivor The Engine Driver». Så kjem «Soon Be Home», som er ein annan harmoniseksjon. Til slutt kjem «You Are Forgiven» sungen av Pete Townshend – den einaste solovokalen han har på albumet, bortsett frå ein liten del på «Heat Wave»).

Songen var den første The Who gav ut innan sjangeren rockeopera, sjølv om songen «I’m a Boy» kom etter det første forsøket til Townshend på ein rockeopera kalla «Quads», ein forgjengar til Tommy. Ei studioutgåve av songen finst på albumet A Quick One og ei konsertutgåve på Live at Leeds. Når songen vart framført på konsertar song Townshend og Daltrey «girl guide» (jentespeidar) i staden for «girl».

Det vart laga ein video av filmen for The Rolling Stones Rock and Roll Circus. Ei anna konsertutgåve frå Monterey Pop Festival finst på konsertalbumet til festivalen og på samlealbumet Thirty Years of Maximum R&B.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt av Graham Coxon, My Morning Jacket og Green Day.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Larson, Jeremy D. (23. januar 2015). «Karn Evil Cruise: Searching For the Heart of Prog Rock on The Ocean «». Radio.com. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 19. januar 2019.