A Salty Dog
| A Salty Dog Studioalbum av Procol Harum |
||
| Utgjeve | juni 1969 | |
| Innspelt | mars 1969 | |
| Sjanger | Progressiv rock, bluesrock, hardrock, psykedelisk rock | |
| Lengd | 40:18 | |
| Selskap | Repertoire (nyutgjeving) |
|
| Produsent | Matthew Fisher | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Procol Harum-kronologi | ||
| Shine on Brightly (1968) |
A Salty Dog | Home (1970) |
A Salty Dog er eit album av det engelske rockebandet Procol Harum som kom ut i juni 1969. Albumet har eit maritimt tema, noko som kjem til syne på plateomslaget. Med songar i streit rock, blues og pop var A Salty Dog ei ny retning i høve dei førre albuma til bandet, og var både tematisk og mindre obskurt. Sjølve tittelsporet var den første songen til Procol Harum som nytta lydeffektar og eit orkester. Denne songen vart framført på eit konsertalbum med orkester tre år seinare. Dei ulike musikalske retningane til gruppa og Robin Trower byrja å kome til syne her og syner at Trower alt var byrja å gå i ei anna retning enn resten av bandet. Likevel er dette albumet meir musikalsk variert enn dei to førre albuma med tre songar med Fisher på vokal og ein av Trower.
Tittelsporet vart gjeven ut på singel med «Long Gone Geek», som nådde 44. plass i Storbritannia i 1969, medan sjølve albumet nådde 27. plass. Då Gary Brooker først spelte «A Salty Dog» på piano for B.J. Wilson, trefte ei solstråle andletet til Wilson og han fortalte Brooker at han syns det var den vakraste songen han hadde høyrt nokon gong.[3]
Albumet var den første plata produsert av Matthew Fisher, som slutta i bandet kort tid etter albumet kom ut.
Songen «A Salty Dog» vart nytta i filmen Purple Haze frå 1983.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «A Salty Dog» | Gary Brooker/Keith Reid | 4:41 |
| 2. | «The Milk of Human Kindness» | Gary Brooker/Keith Reid | 3:47 |
| 3. | «Too Much Between Us» | Gary Brooker/Robin Trower/Keith Reid | 3:45 |
| 4. | «The Devil Came From Kansas» | Gary Brooker/Keith Reid | 4:38 |
| 5. | «Boredom» | Gary Brooker/Matthew Fisher/Keith Reid | 4:34 |
| 6. | «Juicy John Pink» | Robin Trower/Keith Reid | 2:08 |
| 7. | «Wreck of the Hesperus» | Matthew Fisher/Keith Reid | 3:49 |
| 8. | «All This and More» | Gary Brooker/Keith Reid | 3:52 |
| 9. | «Crucifiction Lane» | Robin Trower/Keith Reid | 5:03 |
| 10. | «Pilgrim's Progress» | Matthew Fisher/Keith Reid | 4:32 |
Medverkande [endre]
- Gary Brooker: vokal, piano, celeste, 3-strengsgitar, bjøller, munnspel, blokkfløyte, tre
- Robin Trower: sologitar, vokal (09), akustisk gitar, tamburin
- Dave Knights: bassgitar
- B.J. Wilson: trommer, congatrommer, tabla
- Matthew Fisher: organ, vokal (05, 07, 10), marimba, akustisk gitar, piano, blokkfløyte, rytmegitar
- Kellogs: bosun-fløyte
- Keith Reid: tekstar
- Orkesterarrangement: Gary Brooker (01, 08), Matthew Fisher (07)
- Produsert av Matthew Fisher
- Lydteknikarar: Ken Scott (01–05, 08–10), Ian Stuart (06) og Henry Lewy (07)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «A Salty Dog» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce (2011 [last update]). «A Salty Dog - Procol Harum | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r15841. Henta 12. mai 2012.
- ↑ Mendelsohn, John (2011 [last update]). «Procol Harum: A Salty Dog : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen den 2008-10-13. http://web.archive.org/web/20081013082303/http://www.rollingstone.com/artists/procolharum/albums/album/301223/review/5944342/a_salty_dog. Henta 12. mai 2012.
- ↑ «'ASD' anecdote spotted in 'The Scotsman' by Charlie Allison». Procolharum.com. http://www.procolharum.com/salty_scotsman.htm. Henta 12. mai 20127.
Bakgrunnsstoff [endre]
- ProcolHarum.com – ProcolHarum.com om albumet
- [1] – Bonusspor