«A Token of My Extreme» er ein song av Frank Zappa frå 1979 på konseptalbumetJoe's Garage [Part II]. Hovudrolla frå denne rockeoperaen i tre delar har blitt forvirra av Lucille og «gjer endeleg noko smart» og «gjev ein haug pengar til L. Ron Hoover og the First Church of Appliantology».[1][2]
Appliantology syner seg å vere ein hyklersk religion, som samarbeider med eit «vondskapsfullt, totalitært regime».[2] Dette er ein referanse til scientologi og grunnleggjaren L. Ron Hubbard.[1][2] Joe er no i tvil om han er riktig klok og spør den musikalske rådgjearen sin L. Ron Hoover kva problemet hans er, og vert fortalt at han er «a latent appliance-fetishist.» Joe spør om å det er på tide å «å kome ut av skapet», og vert beden om «å gå inn i skapet». Der kan han ha det mykje moro med maskinane sine.
Songen er basert på eit anna stykke kalla «Tush Tush Tush» frå 1973.[3][4]
↑ 1,01,1Carr, Paul; Richard J. Hand (desember 2006). «Frank Zappa and musical theatre». Studies in Musical Theatre1 (1): 41–56. ISSN1750-3159. doi:10.1386/smt.1.1.41_1.