A Touch of Class

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Touch of Class
Sjanger Dance, pop
Aktive år 1998 - 2003
Plateselskap Sony BMG, Republic Records
Medlemmer
Joseph Murray
Sarah Egglestone
Tracey Elizabeth Packham
Livio Salvi

A Touch of Class, opphavleg ATC, var ei popgruppe som bestod av medlemer frå 4 forskjelige land: Joseph Murray frå New Zealand, Livio Salvi frå Italia, Sarah Egglestone frå Australia og Tracey Elizabeth Packham frå England. Gruppa var basert i Tyskland.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

ATC sin fyrste singel vart innspelt i Sverige i 1999 og fekk tittelen «Around the World (La La La La La)». Songen sampla låta «Pesenka» av den russiske techno-gruppa Ruki Vverh!, og vart ein stor hit i Europa i 2000. Singelen var med på ATC sitt debutalbum, Planet Pop frå 2001. Her fekk dei m.a. musikalsk hjelp av den tyske DJ-en Alex Christensen. Under utdelinga av den tyske ECHO-prisen vann ATC i kategorien for dance-musikk for albumet. Dei produserte også fleire singlar frå Planet Pop, men ATC er framleis mest kjende for debutlåta.

Etter dette vart plateselskapet ATC saksøkt av den tyske DJ-en ATB (André Tanneberger) for plagiat. Tanneberger vann saka og ATC vart tvunge til å endra namn. Det nye namnet deira vart difor A Touch of Class. Under dette namnet gav dei ut plata Touch the Sky i 2003, og gav ut 3 singlar herifrå med avmålt suksess. Same året gjekk gruppa i oppløysing.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Planet Pop (2001)
  • Touch the Sky (2003)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]