A prima vista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

A prima vista eller prima vista er eit uttrykk som oftast vert nytta i musikken. Uttrykket stammar opphavleg frå italiensk, der a tyder «ved», prima tyder «fyrste» (prim- = «fyrste-», «fremste-») og vista tyder «blikk», «syn», «gjennomsyn», altså «ved fyrste gjennomsyn». I musikken vert uttrykket nytta om å spele notar korrekt ved fyrste gjennomsyn, også kalla bladlesing.

Uttrykket vert også nytta om å kunne syngje rett frå notane, utan å måtte øve fyrst.