Aabenraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aabenraa
Andre namn Åbenrå, sønderjysk Affenrå, tysk Apenrade
Horisonten til Aabenraa
Kallenamn
«Sønderjyllands havneby»
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Syddanmark
Aabenraa
Grunnlagd 1231
Borgmester Tove Larsen
Geografi
Flatevidd
 - By

88 km²
Koordinatar 55°2′″N 9°26′″EKoordinatar: 55°2′″N 9°26′″E
Diverse anna
Postnummer 6200
Nettstad: www.aabenraa.dk
Plassering
Aabenraa (Danmark)
Aabenraa

Aabenraa er ein by i det søraustlege Sønderjylland med 16 109 innbyggarar (2006). Han er administrasjonssenter for Sønderjyllands amt. Byen har ei 7,5 meter djup hamn med mykje skipstrafikk. Industrien omfattar føretak som Marcussens Orgelbyggeri og Callesens Maskinfabrik.

Viktige bygg i byen er St. Nikolaj kirke og Brundlund Slot grunnlagt av dronning Margrethe I rundt 1400. Det finst også fleire restaurerte kvartal frå 1800-talet, som Slotsgade, Store og Lille Pottergade, Nygade, Nybro, Skibbrogade og Gildegade.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Åbenrå betyr opphavleg «open strand». Byen oppstod tidleg i mellomalderen rundt bispeborga Opnør Hus. I mellomalderen var byen kjent for fiskeri og framstilling av humle. Byen fekk status som kjøpstad i 1240. Åbenrå høyrte etter den danske arvedelinga i 1560 og fram til 1721 til Gottorp-hertugane. Byen hadde ei stordomstid frå 1750-talet og frem til 1864. I denne tida var skipsfarten i stor vekst her, ein dreiv handel på Middelhavet og med Kina, Sør-Amerika og Australia. Åbenrå hadde den største handelsflåten i det danske kongeriket, etter København og Flensborg. Dei fire til seks skipsverfta her var vidkjende for skipa sine. Mest berømt blei klipperen Cimber, som seglde frå Liverpool til San Francisco på 106 døgn i 1857.

Frå 1864 til 1920 var byen ein del av Prøyssen. Ved folkeavstemminga i 1920 stemte 55 % for å høyra til Tyskland, men ettersom det var stemmane til heile Sønderjylland som galdt kom byen likevel tilbake til Danmark. Framleis finst det ei stor tysk minoritetsgruppe i byen, og den tyskspråklege dagsavisa Der Nordschleswiger blir gjeve ut her.

I 1970 blei Aabenraa administrativt senter for Sønderjyllands Amt. I 2007 blei amtet slått saman med fleire andre til Region Syddanmark.

[endre] Folk frå Åbenrå

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aabenraa
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk