Aaliyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aaliyah

Fødd16. januar 1979
FødestadBrooklyn
Død25. august 2001 (22 år)
DødsstadMarsh Harbour
FødenamnAaliyah Dana Haughton
AliasAaliyah
OpphavUSA
Aktiv1991–2001
Sjangerurban contemporary, rock, pop, funk, electronica, moderne R&B, hiphop soul, Hiphop, soul, neo-soul, rhythm and blues, progressivsoul, alternativ R&B
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapAtlantic Records, Blackground Records, Jive, Universal Records, Virgin Records
Verka somskodespelar, filmskodespelar, songar, modell, ballettdansar, musikar, dansar, fotomodell
Gift medDamon Dash
PrisarMTV Video Music Award for Best Female Video, MTV Video Music Award for Best Video from a Film, American Music Award for Favorite Soul/R&B Album, Soul Train Music Award for Best R&B/Soul Single, Female, NAACP Image Award for Outstanding Female Artist, American Music Award for Favorite Soul/R&B Female Artist, American Music Award for Favorite Soul/R&B Female Artist

Aaliyah Dana Haughton, kjend som Aaliyah (16. januar 197925. august 2001) var ein R&B- og hip-hop-songar, skodespelar og modell frå USA.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Aaliyah vart fødd i Brooklyn i New York, men flytte til Detroit som femåring og voks opp der. Allereie som tolvåring signerte ho platekontrakt, og gjennom kontaktane i plateselskapa vart ho kjend med R&B-artisten R. Kelly. Debutalbumet hennar, Age Ain't Nothing but a Number kom ut i 1994 med god hjelp frå R. Kelly. Plata fekk gode salstal, og det vart produsert to singlar herifrå.

Etter debuten skifte Aaliyah plateselskap og tok til å samarbeida med musikkprodusentane Timbaland og Missy Elliott. Dei hjelpte til med oppfylgjaralbumet hennar, One in a Million (1996), som kom ut då Aaliyah berre var 16 år gamal. Denne plata selde meir enn 3,7 millionar eksemplar i Sambandsstatane, og over 8 millionar på verdsbasis. Det vart produsert 3 singlar av songane på plata, og ein av songane vart brukt i soundtracket til filmen Dr. Dolittle frå 1998.

I 1997 debuterte ho som skodespelar i ei rolle som seg sjølv i dramaserien New York Undercover. Same året song ho ein coverlåt på soundtracket til animasjonsfilmen Anastasia, og songkomponistane vann ein Oscar for songen. Kort tid etter fekk ho ein modellkontrakt med klesprodusenten Tommy Hilfiger.

Aaliyah si største filmrolle fekk ho i filmen Romeo Must Die med Jet Li frå 2000. Ho song også fire av songane på filmsoundtracket. Den mest kjende av desse er «Try Again», der ho syng og Timbaland rappar. Musikkvideoen vann to prisar under MTV Video Music Awards i år 2000, og songen vart nominert til ein Grammy-pris. Soundtracket selde 1,5 millionar eksemplar i USA.

Hennar tredje og siste studioalbum fekk namnet Aaliyah og kom ut i juli 2001. Også dette vart produsert ved hjelp av Timbaland og Missy Elliott. På verdsbasis vart dette hennar mestseljande studioalbum, med heile 13 millionar selde eksemplar.

Dødsulukka og tida etterpå[endre | endre wikiteksten]

I august same året var Aaliyah på Bahamas med filmfolk og tilsette i plateselskapet for å spela inn musikkvideoen til ein av singlane frå albumet, «Rock the Boat». Etter planen skulle dei tilbake til USA den 26. august, men då dei vart tidleg ferdig med filminga, bestemte dei seg for å reisa med eit lite Cessna-fly om kvelden den 25. Då dei hadde fylt opp flyet med filmutstyr og 8 passasjerar, kom lasten på over beregrensa på 320 kg. Flyet krasja kort tid etter at det hadde teke av, og alle passasjerane omkom. Ein fann restar av alkohol og kokain i blodet til piloten, og det kom også fram at han hadde forfalska pilotsertifikatet sitt. Gravferda til Aaliyah vart halden i New York City den 31. august, med over 800 frammøtte. Ho vart også gravlagd i byen. Foreldra hennar gjekk etter dette til sak mot flyselskapet, og vann.

Aaliyah hadde allereie spelt inn hovudrolla i vampyrfilmen Queen of the Damned, som kom ut i 2002. Det var også meininga at ho skulle spela rolla Zee i Matrix-filmane, men etter dødsulukka vart rolla gjeven til Nona Gaye. I 2004 vart samlealbumet I Care 4 U gjeve ut, og Ultimate Aaliyah kom i 2005.

Albumliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1994: Age Ain't Nothing but a Number (Studio)
  • 1996: One in a Million (Studio)
  • 2001: Aaliyah (Studio)
  • 2004: I Care 4 U (Samlealbum)
  • 2005: Ultimate Aaliyah (Samlealbum)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]