Aalsmeer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aalsmeer
Flagget til Aalsmeer Byvåpenet til Aalsmeer
Flagget til Aalsmeer Byvåpenet til Aalsmeer


Plassering
Plassering av  Aalsmeer
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Noord-Holland
Borgarmeister Pieter Litjens
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

32,24 km²
  20,58 km²
  11,66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

28 026
  1362/km²
Koordinatar 52°26′″N 4°76′″EKoordinatar: 52°26′″N 4°76′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.aalsmeer.nl


Aalsmeer er ein kommune og tettstad i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 28 000 innbyggjarar. Kommunen er ein del av byregionen Amsterdam.

Aalsmeer er først nemnt i 1133 som "Alsmar". Dette namnet finst i eit diplom der landet blir skjenka til nonneklosteret i Rijnsburg. Området var då ei villmark med or og vier. Det vart stukke mykje torv i området, og slik oppstod innsjøar. Jordbrukslandet vart slik minska, og folket gjekk over til fiskeri på 1400-talet. På 1600-talet begynte ein å tørrleggja områda som hadde blitt til sjøar. Slik vart Stommeer tørrlagt i 1650 og Hornmeer i 1674. Nokon vindmøller som vart brukt til å driva pumpene til å tørrleggja sjøane står endå.

I 1852 vart sjøen Haarlemmermeer tørrlagd, følgt av fleire andre. Fiskeriet vart så godt som borte, og plante- og fruktdyrking vart viktigare. Frå 1850 til 1885 var jordbærdyrking svært viktig. Jordbæret gav fargar til Aalsmeer sitt flag: Raudt, grønt og svart for bæret, blada og jorda. Frå 1880 av vart òg blomedyrking viktig, først med roser. Frå 1912 av vart blomane omsette på auksjonar i Aalsmeer. Blomehandel vart stadig viktigare, og gjennom den nye internasjonale flyplassen Schiphol like ved fekk ein tilgang til den amerikanske og japanske marknaden. Den nye auksjonshallen frå 1999 er 999 000 m² stor, og det største forretningsbygget i verda, ifølgje Guinness rekordbok.


[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk