Aalst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aalst
Rådhuset i Aalst
Rådhuset i Aalst
Flagget til Aalst Byvåpenet til Aalst
Flagget til Aalst Byvåpenet til Aalst
Styresmakter
Land
Region
Provins
Belgia
Flandern
Aust-Flandern
Geografi
Flatevidd
 - By

78,12 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

77 360
  990/km²
Koordinatar 50°56′″N 04°02′″EKoordinatar: 50°56′″N 04°02′″E
Diverse anna
Postnummer 9300, 9308, 9310, 9320
Telefon-retningsnummer 053
Nettstad: www.aalst.be
Plassering
Plassering av Aalst i Aust-Flandern
Plassering av Aalst i Aust-Flandern

Aalst (fransk Alost) er ein by og kommune ved elva Dender i Belgia, 30 km nordvest for Brussel. Han ligg i Flandern, i provinsen Aust-Flandern. Kommunen består av sjølve byen Aalst, og landsbyane Baardegem, Erembodegem, Gijzegem, Herdersem, Hofstade, Meldert, Moorsel og Nieuwerkerken-Aalst. Byen har framleis ein feide med Dendermonde, som ligg litt lenger nord langs same elva, som går tilbake til mellomalderen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aalst vart først nemnd i skriftlege kjelder på 800-talet, då han vart skildra som villa Alost, under Abbeden av Lobbes. I mellomalderen voks byen som eit strategisk punkt der vegen frå Brugge til Köln kryssa Dender. På 1000-talet vart Aalst overført frå pagusen av Brabant til Grevskapet Flandern. Sidan han låg ved grensa til Det tysk-romerske riket hadde han likevel ein viss grad av sjølvstende. Forholdet til Brabant er best bevart i det kvite og raude byvåpenet til byen, som var fargane til Lotharingia.

Kyrkja i Béguinage i Aalst

Bygginga av rådhuset starta på midten av 1100-talet.[1], og er det eldste rådhuset som finst i Belgia i dag. Fleire manuskript frå denne perioden ligg framleis i byarkivet. Rådhuset, og byen sjølv, vart nesten heilt øydelagd av brann i 1360. Byen vart raskt bygd opp att og eit nytt klokketårn i gotisk stil vart bygd på 1400-talet. Dette var ei tid med stor velstand i byen, som var dominert av det mektige lauget til vevarane. På denne tida vart òg Dirk Martens frå byen den første boktrykkaren i Dei spanske Nederlanda og opna eit trykkeri i 1473 som gav ut bøker av forskjellige forfattarar, mellom anna Kristoffer Columbus. Martens vart seinare ein professor ved Det katolske universitetet i Louvain[1].

Aalst vart hardt råka av åttiårskrigen (1568-1648). Han vart seinare erobra av Frankrike i Devolusjonskrigen i 1667, og dei hadde byen og resten av Dei spanske Nederlanda til godt ut på 1700-talet. Under franskmennene blømde den tekstilbaserte industrien. 1800-talet var prega av samfunnskriser skapt av den industrielle revolusjonen og Fader Adolf Daens og partiet hans, Christene Volkspartij, dukka opp for å forsvare rettane til arbeidarane. Aalst var okkupert av tyskarane under begge verdskrigane på 1900-talet.[1].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aalst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Aalst." Encyclopædia Britannica. 17 des. 2006 .