Aare

Koordinatar: 47°36′N 8°13′E / 47.600°N 8.217°E / 47.600; 8.217
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aar)
Aare
Aar
elv
Elva Aare i Bern
Land  Sveits
Nedslagsfelt 17 620 km²
By Bern, Thun, Biel/Bienne
Lengd 295 km
Middelvassføring 590 /s
Kjelde Isbrear i Grimselområdet
 - høgd 2 310 moh.
Munning Rhinen ved Koblenz
Kart
Aare
47°36′20″N 8°13′24″E / 47.605555555556°N 8.2233333333333°E / 47.605555555556; 8.2233333333333
Nedslagsfeltet til Aare
Nedslagsfeltet til Aare
Nedslagsfeltet til Aare
Wikimedia Commons: Aare

Aare (fransk Aar) er ei sideelv til Hochrhein i Sveits. Den fulle lengda frå kjelda til samløpet med Rhinen er om lag 295 km[1] lang, med eit fall på 1565 meter og eit nedslagsfelt på 17 620 m², som omfattar heile det sentrale Sveits.[1] Ho er den lengste elva som ligg fullstendig innanfor Sveits sine grenser.[2]

Løp[endre | endre wikiteksten]

Unteraargletscher

Aar spring ut frå dei store Aarbreane i Bern-Alpane i kantonen Bern og vest for Grimselpasset.[2] Ho renn austover til Grimsel herberge, nedanfor Finsteraarhorn, og så nordvestover gjennom Haslital, der ho dannar den 46 meter høge fossen Handegg, forbi Guttannen, og gjennom kalksteinsklippene i Kirchet der ho dannar ein stor canyon. Ho når så Meiringen på ei slette. Litt forbi Meiringen, nær Brienz, renn elva ut i Brienzsjøen der ho er mogeleg å segle på. Nær vestenden av innsjøen mottar Aare den første viktige sideelva si, Lütschine. Ho renn så over den myrlendte sletta ved Bödeli mellom Interlaken og Unterseen før ho renn ut i Thunsjøen.[2]

Aar ved Innertkirchen

Nær vestenden av Thunsjøen mottar ho Kander, som like før har hatt samløp med Simme. På veg ut av innsjøen renn elva gjennom Thun, og så gjennom byen Bern, under 18 bruer og rundt halvøya med dei bratte sidene der Gamlebyen ligg. Elva svingar så vestover, men etter å ha runne saman med Saane eller Sarine svingar ho nordover fram til nær Aarberg. Her vert elva avleidd inn i Hagneckkanalen til Biennesjøen, noko som var eit av dei store sveitsiske ingeniørverka på 1800-talet, kalla Juravasskorreksjonen. Før dette hadde område nord for Bern vore eit flaumutsett myrområde. Frå den øvre enden av innsjøen renn elva ut gjennom Nidau-Büren-kanalen og så austover til Büren. Innsjøen fører med seg store mengder erodert grus og smeltevatn frå Alpane og dei tidlegare myrområda har vorte frodige sletter, kjend som «grønsakshagen i Sveits».

Frå her renn Aare nordaustover eit langt stykke, forbi Solothurn[2] (der ho like etter mottar Grosse Emme frå høgre), Aarburg (der ho møter Wigger), Olten i Aarau,[2] der ho like i nærleiken renn saman med Suhre, og Wildegg, der Hallwiler Aa kjem inn frå høgre. Like nedanfor Brugg mottar ho først Reuss, og kort tid etterpå Limmat. Ho svingar så nordover og munnar ut i Rhinen, og har faktisk ved samløpet større vassføring enn Rhinen der dei renn saman ved Koblenz (Sveits), ovanfor Waldshut i Tyskland. Rhinen munnar etter kvart ut i Nordsjøen i Nederland.

Aareschlucht[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Aareschlucht.
Inne i Aareschlucht

Aareschlucht er ein del av elva som har greve seg gjennom ein kalksteinsrygg nær byen Meiringen.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Ved «Wasserschloss», der elvane Aar, Reuss og Limmat renn saman.
Samløpet til Aar og Rhinen i Koblenz

Reservoar[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elvenamnet kan gå attende til det galliske (helvetiske) Bern-sinksteinen som går attende til Romersk Gallia. Det romerske namnet var Obringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Aare River." Encyclopædia Britannica. 7. mars 2012
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Bridgwater, W. & Beatrice Aldrich. (1966) The Columbia-Viking Desk Encyclopedia. Columbia University. s. 11.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Aare ved Wikisource.


47°36′N 8°13′E / 47.600°N 8.217°E / 47.600; 8.217