Aase Bjerkholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aase Bjerkholt i 1963

Aase Ingerid Nathalie Bjerkholt (fødd 16. januar 1915 i Oslo, død 17. august 2012)[1] var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var medlem av Oslo bystyre frå 1945 til 1947 og frå 1951 til 1955. Ho var statsråd i Einar Gerhardsen sine regjeringar frå 1955 til 1963 og frå 1963 til 1965.

Statsrådpostar[endre | endre wikiteksten]

Einar Gerhardsen si tredje regjering, 22. januar 1955 til 28. august 1963.
Einar Gerhardsen si fjerde regjering, 25. september 1963 - 12. oktober 1965
  • 1963-1965 Statsråd og sjef for Familie- og forbrukerdepartementet.

Berre tre av dei fem første kvinnelege statsrådane sat lenge nok i sine stillingar til i noko grad å kunne prege dei. Aase Bjerkholt sat lengst av desse, med ei fartstid på vel 10 år. Aaslaug Aasland sat i om lag åtte år, og Rakel Seweriin hadde knapt to år som statsråd.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Aase Bjerkholt er død». nrk.no (17. august 2012).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]