Aaslaug Aasland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aaslaug Aasland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. august 1890
Sandnes kommune
Død

30. august 1962 (72 år)
Oslo

Yrke politikar, jurist, fengselsdirektør, advokat
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Aaslaug Aasland på Commons

Aaslaug Aasland (11. august 189030. august 1962), fødd i Sandnes, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet.

Statsråd[endre | endre wikiteksten]

Aaslaug Aasland var statsråd i Sosialdepartementet i perioden 1945 til 1953:

Aasland var den første kvinnelege statsråden frå Arbeidarpartiet, og den andre kvinnelege statsråden i Noreg. Den første var Kirsten Hansteen, NKP, i Einar Gerhardsen si første regjering i 1945. Aaslaug Aasland var ein banebrytar i norsk velferds- og sosialpolitikk.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Aaslaug Aasland vart student i 1916, og vart cand.jur. i 1922.

Ho hadde kontorpost i Husfliden i Oslo og ved sakførarkontor. Etter juridikum arbeidde ho som sorenskrivarfullmektig i Alta 1922-1923. Ho var leiar for Norske Kvinners Nasjonalråd (NKN) sine sosialkurs og også sekretær i NKN 1924-1931. Ho var deretter inspektør ved fengsla og ved arbeidshuset for kvinner i Oslo 1931-1936. Ho var kvinneleg arbeidsinspektør 1936-1945, og direktør for Bredtveit kvinnefengsel frå 1945. Ho var konstituert byråsjef i Sosialdepartementet 1954-1955.

Verv[endre | endre wikiteksten]

Kommunalpolitiske verv:

Offentlege verv:

Tillitsverv i organisasjonar:

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Aasland, Aaslaug: Kvinners rettslige stilling, Oslo 1936
  • Aasland, Aaslaug: Den nye arbeidervernloven, Oslo 1937

Kjelder[endre | endre wikiteksten]