Aasmund H. Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aasmund H. Vinje

Aasmund Halvorsson Vinje (25. juli 18514. desember 1917) var ein lærar, lensmann, tollkasserar, stortingsmann og statsråd frå Etne. Han var far til Torkell Vinje.

Vinje var son av ein gardbrukar i Etne. Han vart uteksaminert frå Stord seminar i 1871 og var deretter lærar 1871 i Skånevik, 1872 i Sauda og 1873 i Etne. 1874-75 var han lærar og kyrkjesongar i Røldal, lærar 1876-82 på amtsskulenUtne i Hardanger. I 1883-84 var han lærar og kyrkjesongar i Kopervik, frå 1884 til -92 styrar ved Kopervik folkeskule. Perioden 1892 til 1905 var han lensmann i Skudenes og magistrat i Skudeneshavn. Vinje var ordførar i Kopervik 1884-92.

Vinje var innvald på Stortinget frå Stavanger amt i seks periodar frå 1886 til 1906, fyrst for Venstre, sidan 1889 for Moderate Venstre. Han sat alle år i næringskomitéar, 1886-88 i næringskomite nr 2, medlem av næringskomite nr 1 frå 1889 til 1905, som sekretær 1892-1903 og formann 1904-05. Elles var han medlem av valkomiteen 1897 og 1903-05, fullmaktskomiteen 1900-05, komiteen om den tekniske høgskulen 1900, samt spesialkomiteen av 1905. Han var lagtingspresident 1903-05.

Vinje var frå 11. mars 1905 landbruksminister i Christian Michelsens regjering som leia Noreg under unionsoppløysinga 1905. Hans viktigaste politiske handverk vart til under handsaminga av konsulatsaka. Han kom då med framlegg om straks å vedta ei eiga lov om norske konsular. Framlegget fekk stort fleirtal i Stortinget og danna grunnlag for ein fredeleg overgang til oppløysing av unionen.[1][2] Han gjekk ut av regjeringa 6. november 1906.

Etter han gjekk ut av Michelsen-regjeringa, var Vinje tollkasserar i Drammen 1907-11, deretter i Stavanger.

Han vart i 1896 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, forfremja til kommandør av 2. klasse i 1904 og til kommandør av 1. klasse i 1906 «for statsborgerlig og embedsfortjeneste».

Vinje døydde 1917 i Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haugesunds Avis: Den glemte statsråden 6. juni 2005
  2. Magne Misje og Knut Slinning: Aasmund Halvorsen Vinje (1851-1917). Brobygger i 1905, Lions Club Skudeneshavn, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Biografi Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste