Aass Bryggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aass bryggeri)
Aass Bryggeri

Org.formAksjeselskap
Org.nr.912696553
Skipa1834
HovudkontorDrammen kommune
LandNoreg
Produktøl, mineralvatn, sider
Nettstadhttps://aass.no (bokmål), https://aass.no/en (engelsk)
Aass Bryggeri

Aass Bryggeri er det einaste gjenverande bryggeriet i Drammen, og det eldste bryggeriet i Noreg. Bryggeriet vart tufta på Nedre Sund på Bragernes i 1834, av Poul Lauritz Aass, og er framleis eigd av familien Aass og ligg på same stad som i 1834, trass i at sjølve bygget har vorte bygd ut og modernisert fleire gongar. Under utbyggingane har den opphavlege stilen alltid vorte ivareteken, slik at bryggeribygget i dag framstår som ein heilskapleg og tradisjonsrik bygning.

I 1869 byrja Aass å produsere mineralvatn i tillegg til øl, og er i dag medeigar i Aksjeselskapet Solo. Bryggeriet produserer òg ein eigen akevitt, oppkalla etter tuftaren.

Av produkt frå bryggeriet er Aass særs kjend for juleølet og bockølet sitt.

Administrerande direktør er Terje Aass (pr. 2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aass Bryggeri