Aasta Hansteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om kunstnaren. For gassfeltet, sjå Aasta Hansteen-feltet.
Portrett av Aasta Hansteen frå 1863.

Aasta Hansteen (10. desember 182413. april 1908), var ein norsk kunstmålar, forfattar, målkvinne og kvinnesaksforkjempar, dotter av Christopher Hansteen.

Målarstykka hennar var inspirerte av opplæringa ho hadde i København og i Düsseldorf, og ho har summert opp karrieren sin i si eiga bok Kvinneliv og Kunstnerliv. Eit bilete ho måla av far sin, heng i Nasjonalgalleriet.

Ho gjorde seg òg gjeldande som skribent, først under pseudonym med den nynorske boka Skrift og umsskrift i landsmaalet (1862). I Ferdamannen tok ho til orde for ei eiga lesebok på landsmål. I 1878 gav ho ut boka Kvinden skabt i Guds Billede.

Aasta Hansteen bidrog til kvinnesaka først og fremst gjennom innlegg i pressa, og vart kjend i så stor grad at Henrik Ibsen brukte henne som modell for Lona Hessel i sitt skodespel Samfundets Støtter (1877), og Gunnar Heiberg i Tante Ulrikke (1882).

Hansteen var fødd i Kristiania. I 1880 emigrerte ho til USA, og vende attende i 1889 med impulsar som ho gav til kjenne i Norsk Kvindesagsforening og ved innlegg i bladet Nylænde. Ho døydde i Kristiania og er gravlagd på Vår Frelsers gravlund. På grava står ein minnestein av Gustav Vigeland. I 1985 vart det avduka ein statue av Aasta Hansteen på Aker Brygge, laga av kunstnaren Nina Sundbye.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aasta Hansteen